Piggsvin
Piggsvin eller bustyvel (Erinaceus europaeus) er eit dyr i piggsvinfamilien som finst i nesten heile den palearktiske regionen, men berre sjeldan lenger nord enn 60°N,[2] og ikkje i Himalaya og Nord-Afrika. I Noreg har Artsdatabanken lista piggsvin sin status til nær truga (NT) frå 2021.
Piggsvin | |
Piggsvin | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiinga av piggsvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Erinaceomorpha |
Familie: | Piggsvinfamilien Erinaceidae |
Slekt: | Erinaceus |
Art: | Piggsvin E. europaeus |
Vitskapleg namn | |
Erinaceus europaeus |
Piggsvinet er eit dyr på om lag 20 cm med spiss snute og harde, kvasse piggar på ryggen. Det lever i skog-, landbruks- og nokre bustadsområde. Det er nattaktivt og går i hi om vinteren. Dyret lever av sniglar, makkar, biller og andre insekt, og kan òg eta froskar, små gnagarar, fugleegg og ungfuglar.
Eit skremt piggsvin vil krølla seg ihop til ein ball slik at piggane dekker heile dyret, og rovdyr ikkje klarer å skada det. Denne forsvarsmekanismen er kjent for å verka svært dårleg mot trafikk. Når dei går i dvale kan kroppstemperaturen søkke ned til ein grad celsius og nervane reagerer ikkje.
Kjelder
endre- ↑ Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av piggsvin Erinaceus europaeus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
endre