Opna hovudmenyen

Piz Lunghin (2780 moh) er eit fjell i kantonen Graubünden i Sveits. Det ligg i Albulafjella oppfor Malojapasset. Fjellet kan reknast som «taket i Europa», sidan vatn som renn av fjellet kan nå både Atlanterhavet, Middelhavet og Svartehavet.

Piz Lunghin
fjell
Lake sils.jpg
Silsersee og Piz Lunghin (midten høgre)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Albulafjella
Høgd 2 780 moh.
Primærfaktor 135 m ↓  mot Piz Lagrev
Koordinatar 46°24′38″N 9°40′13″E
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Piz Lunghin

Geografi og hydrografiEndra

Piz Lunghin ligg i den øvre enden av dalane Engadin (aust) og Bregaglia (vest). Malojapasset, mellom dei to dalane, ligg 2 km søraust for toppen. Nordsida av fjelelt ligg i det verna området Parc Ela.

 
Lunghinpasset

Det kjende triple vasskiljet, som ligg berre 600 meter frå sjølve toppen, ved Lunghinpasset, på 2645 moh (46°24′48.70″N 9°39′49.20″E). Nordvestsida er starten på ei elv som endar i Gelgia, ei sideelv til Albula, som igjen renn ut i Rhinen. Frå sørvestsida renn vatnet ut i Mera i Val Bregaglia, ei sideelv til Po. Inn spring ut frå Lägh dal Lunghin nedanfor toppen, aust for passet. Inn er ei sideelv til Donau.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra