Pizzo Bianco
Pizzo Bianco er eit 3 215 meter høgt fjell vest i Wallis-Alpane i den italienske regionen Piemonte.
Pizzo Bianco | |||
Fjellkjede | |||
Pizzo Bianco
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Piemonte | ||
Del av | Wallis-Alpane | ||
Høgaste punkt | |||
• høgd | 3 215 moh. | ||
- koordinatar | 45°56′21″N 7°56′20″E / 45.93917°N 7.93889°E | ||
Pizzo Bianco 45°56′17″N 7°56′24″E / 45.93805556°N 7.94°E | |||
Wikimedia Commons: Pizzo Bianco |
Fjellet ligg sør for landsbyen Macugnaga i Valle Anzasca, tvers overfor Monte Rosa-massivet. Aust for Pizzo Bianco strekker fjelldalen Val Quarazza seg. Vest for Pizzo Bianco ligg isbreen Belvedere som skilje mot Monte Rosa-massivet.
Frå fjellhytta Rifugio Belvedere (1 932 moh.) er det ein om lag 5-6 timars lang tur til topps på Pizzo Bianco. Etter å ha gått til den 2 738 meter høge toppen Pizzo Nero, fylgjer ein nordaustegga like til topps. Frå toppen har ein utsikt mot den austlege delen av Monte Rosa-massivet. Frå nord til sør ser ein toppane Cima di Jazzi, Gran Fillar, Jägerhorn, Nordend, Dufourspitze, Zumsteinspitze, Signalkuppe, Parrotspitze, Ludwigshöhe, Corno Nero, Vincent-pyramiden og Punta Giordani. Nær mot sør hevar den snødekte fjelltoppen Punta Grober seg til nær 3 500 meters høgde.
Horace-Bénédict de Saussure steig til topps på fjellet i 1789, då han skulle mæle høgda på Monte Rosa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pizzo Bianco» frå Wikipedia på nederlandsk, den 23. juni 2013.