Pjotr Butsjkin
Pjotr Dmitrijevitsj Butsjkin (22. januar 1886–21. juni 1965) var ein russisk og sovjetisk biletkunstnar og pedagog. Han var med på å skipa Leningrad kunstnarforeining og var ein representant for Leningrad-skulen i målarkunst.[1] Butsjkin laga måleri, akvarellar og grafikk. Han er best kjend for portretta sine.
Pjotr Butsjkin | |
Fødenamn | Пё́тр Дми́триевич Бучки́н |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Sovjetunionen |
Fødd | 22. januar 1886 Q19930693 |
Død |
21. juni 1965 (79 år) |
Yrke | kunstmålar |
Språk | russisk |
Sjanger | portrett |
Medlem av | Sovjetunionens kunstnerforbund |
Pjotr Butsjkin på Commons |
Liv
endrePjotr Butsjkin var fødd i landsbyen Sofronovo i Tver oblast i Tsar-Russland. I 1891 flytta familien hans til byen Uglitsj ved Volga. Butsjkin fekk sine første teiknetimar frå lokale ikonmålarar.[2]
I 1899 kom Pjotr Butsjkin til Sankt Petersburg. Han blei elev ved Kunst- og industriakademiet i byen, og studerte under Nikolaj Kosjelev.[3]
Frå 1904 til 1912 studerte Butsjkin ved det keisarlege kunstakademiet, under Vasilij Mate og Vasilij Savinskij. I 1912 fekk han tittel som kunstnar med rett til å undervisa i kunst. Frå 1912–1914 vitja han Italia, Frankrike, Tyskland, Spania og andre land.[4]
Sidan 1907 hadde Butsjkin teke del i kunstutstillinga. Han måla portrett, landskap og sjangermåleri, og illustrerte teaterprogram og bøker. På 1920-talet måla han portrett av Vladimir Lenin og songaren Fjodor Sjaljapin. Han byrja også å spesialisera seg på revolusjonære og historiske motiv frå sovjettida.[5]
I 1914 blei Butsjkin medlemm av Kunstnarsamfunnet som etterkvart tok namn etter Arkhip Kuindzji. I 1918 blei han vald til medlem av samfunnet av russiske akvarellmålarar.
Etter Oktoberrevolusjonen i 1918–1921 gjorde Butsjkin teneste ved ein ubåtdivisjon i Den baltiske flåten. Frå 1921 til 1930 leia han teknisk avdeling ved forlaget 'Regnboge' i Leningrad.
I 1932 var Butsjkin med på å skipa Leningrad kunstnarforeining. I åra 1930–1936 verka han som illustratør i Leningrad og Moskva. Frå 1936 til 1940 underviste han ved Det russiske kunstakademiet, som teikneprofessor frå 1937.
I etterkrigsåra underviste Butsjkin ved Vera Mukhina kunst- og industrihøgskule i Leningrad. Her var han professor frå 1952 og leiar for avdelinga for monumental-dekorativ måling 1951–1955 og 1962–1965.[6] I 1956 fekk han ærestitteln «Æra kunstarbeidar av den russiske føderasjonen». I 1962 gav han ut eit memoar om livet sitt.[7]
Pjotr Butsjkin døydde i Leningrad i 1965. Måleria hans er melloma anna i Det russiske statsmuseet og i Tretjakov-galleriet.[8] og i land som Italia, Frankrike, Tyskland, England, USA og Japan.[9]
Kjelder
endre- ↑ Sergei V. Ivanov. Unknown Socialist Realism. The Leningrad School.- Saint Petersburg: NP-Print Edition, 2007, s. 12, 13, 15, 20, 357, 360, 364, 365, 367, 370, 372, 378–383, 385, 387–390, 393, 394, 399, 402, 404, 405, 407, 439, 442, 445.
- ↑ Piotr Dmitrievich Buchkin. Exhibition catalogue. – Leningrad: Khudozhnik RSFSR, 1986, s. 4.
- ↑ Piotr Dmitrievich Buchkin. Exhibition catalogue. Leningrad, Khudozhnik RSFSR, 1986, s.9.
- ↑ Художники народов СССР. Биобиблиографический словарь. Кн.2. М: Искусство, 1972. Р. 129–130.
- ↑ «Ленинградский художник Бучкин Петр Дмитриевич». Socialist Realism. Kiev club of collectors.
- ↑ Художники народов СССР. Биобиблиографический словарь. Кн.2. М: Искусство, 1972, s. 129–130.
- ↑ Бучкин, П. Д. О том, что в памяти. Записки художника. Л: Художник РСФСР, 1962.
- ↑ Sergei V. Ivanov. Unknown Socialist Realism. The Leningrad School. Saint Petersburg: NP-Print Edition, 2007. P. 6-7.
- ↑ Peinture Russe. Catalogue. Paris: Drouot Richelieu, 18 Fevrier, 1991, s. 7,20–21.
- Denne artikkelen bygger på «Piotr Buchkin» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Бучкин, П. Д. О том, что в памяти. Записки художника. Л: Художник РСФСР, 1962.
- Художники народов СССР. Биобиблиографический словарь. Кн.2. М: Искусство, 1972. Р. 129–130.
- Peinture Russe. Catalogue. – Paris: Drouot Richelieu, 18 Fevrier, 1991. – p. 7,20–21.
- Matthew C. Bown. Dictionary of 20th Century Russian and Soviet Painters 1900-1980s. – London: Izomar 1998. ISBN 0-9532061-0-6, ISBN 978-0-9532061-0-0.
- Sergei V. Ivanov. Unknown Socialist Realism. The Leningrad School.- Saint Petersburg: NP-Print Edition, 2007. – p. 12, 13, 15, 20, 357, 360, 364, 365, 367, 370, 372, 378–383, 385, 387–390, 393, 394, 399, 402, 404, 405, 407, 439, 442, 445. ISBN 5-901724-21-6, ISBN 978-5-901724-21-7.
- Иванов С. Инвестиции в советскую живопись: ленинградская школа // Петербургские искусствоведческие тетради. Вып. 31. СПб, 2014. С.54-60.
Bakgrunnsstoff
endre- Paintings of Piotr Buchkin on site "Unknown Socialist Realism. Quests and Discoveries"
- Artist Piotr Dmitrievich Buchkin (1886-1965) (Rus)
- Sergei V. Ivanov. The Leningrad School of Painting. Historical Outline
- Chronology of the Leningrad School of Painting
- Art works and Biography of Piotr Buchkin in ARKA Fine Art Gallery