Plaek Pibulsonggram

thailandsk politikar

Plaek Pibulsonggram (14. juli 189711. juni 1964), opphavleg Plaek Khittasangkha, var ein thailandsk offiser og politikar. Han var statsminister og diktator i Thailand i tidsromma 1938–1944 og 1948–1957.

Plaek Phibunsongkhram
แปลก พิบูลสงคราม
Field Marshal Plaek Phibunsongkhram.jpg
Fødd14. juli 1897
Nonthaburi-fylket
Død11. juni 1964 (66 år)
Statsborgar avThailand
PartiKhana Ratsadon
Yrkepolitikar, militær
Utdanna vedChulachomklao Royal Military Academy
EktefelleLa-iad Bhandhukravi
BarnNitya Pibulsonggram
VervStatsminister av Thailand 8. april 1948-16. september 1957
FøregangarKhuang Aphaiwong
EtterfylgjarPote Sarasin
VervStatsminister av Thailand 16. desember 1938-1. august 1944
FøregangarPhraya Phahonphonphayuhasena
EtterfylgjarKhuang Aphaiwong
VervForsvarsminister 28. juni 1949-26. februar 1957
FøregangarSuk Chatnakrob
EtterfylgjarSarit Thanarat
VervForsvarsminister 22. september 1934-15. november 1943
FøregangarPhot Phahonyothin
EtterfylgjarPichit Kriengsakpichit
VervUtanriksminister 15. desember 1941-19. juni 1942
FøregangarDirek Jayanama
EtterfylgjarLuang Wichitwathakan
VervMinister for jordbruk og kooperativ 12. september 1957-16. september 1957
FøregangarSiri Siriyothin
EtterfylgjarWiboon Thammaboot
Signatur

I samtida var han kjend som Phibun Songkhram,[1] Phibun Songram[2] eller berre Phibun[3] (Pibul) i Vesten og som «Marskalk P.»[a] i Thailand. Det var han som omdøypte «Siam» til «Thailand» i 1949.[2]

BakgrunnEndra

Plaek Khittasangkha[b] blei fødd 14. juli 1897 i Mueang Nonthaburi i Nonthaburi-provinsen i det dåverande kongeriket Siam. Far hans heitte Keed Khittasangkha.[4] Foreldra til Plaek åtte ein durian-frukthage. Farfaren hans skal ha vore ein kantonesisk-talande kinesisk innvandrar. Ettersom familien var fullstendig assimilert som thaifolk og Plaek ikkje hadde nokre typisk kinesiske trekk,[5] kunne han seinare skjula noko eventuelt kinesisk opphav.[6] Han fekk namnet Plaek – som tyder 'rar' – på grunn av den uvanlege utsjånaden sin som liten. Plaek Khittasangkha studert ved buddhistiske tempelskula, og blei så elev ved Chulachomklao kongelege militærakademi. Han gjekk ut derfrå i 1914 og blei utnemnd til andreløytnant i artilleriet. Etter fyrste verdskrigen blei han send til Frankrike for å studera artilleritaktikk. I 1928, då han steig i gradane, fekk han adelstittelen luang frå kong Prajadhipok, og blei kjend som Luang Phibunsongkhram. Han gav seinare slepp på tittelen luang, men heldt på Phibunsongkhram som etternamn.

MerknadarEndra

  1. Thai จอมพล ป, uttalt [tɕɔ̄ːm.pʰōn.pɔ̄ː]
  2. แปลก ขีตตะสังคะ, uttalt plɛ̀ːk kʰìːt.tà.sǎŋ.kʰá

KjelderEndra

  1. «Gudbrandsdølen». Lillehammer. 31. juli 1944. 
  2. 2,0 2,1 «Nordlands framtid». Bodø. 4. juni 1949. 
  3. «Nationen». Oslo. 8. februar 1950. 
  4. ผู้นำทางการเมืองไทยกับสงครามโลกครั้งที่ 2df: จอมพล ป.พิบูลสงคราม และ ปรีดี พนมยงค์ Arkivert 27 June 2008 ved Wayback Machine.
  5. Batson, Benjamin Arthur; Shimizu, Hajime (1990). The Tragedy of Wanit: A Japanese Account of Wartime Thai Politics. University of Singapore Press. s. 64. ISBN 9971622467. Henta 29 September 2018. 
  6. Ansil Ramsay (2001). Grant H. Cornwell; Eve Walsh Stoddard, red. The Chinese in Thailand: Ethnicity, Power and Cultural Opportunity Structures. Global Multiculturalism: Comparative Perspectives on Ethnicity, Race, and Nation (Rowman & Littlefield). s. 63.