Platanlønn
Platanlønn
Platanlønn
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Svært høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Sapindales
Familie: Lønnefamilien Sapindaceae
Underfamilie: Hippocastanoideae
Slekt: Lønn Acer
Art: Platanlønn A. pseudoplatanus
Vitskapleg namn
Acer pseudoplatanus

Platanlønn (Acer pseudoplatanus) er ein art i lønnslekta med naturleg utbreiing i Sentral- og Sør-Europa, nord til Paris, og som har vore planta i Noreg som prydtre sidan midten av 1700-talet. Her er platanlønnen naturalisert både i barskog og lauvskog, og i rask spreiing, spesielt i kyst- og fjordstrok. Tilpassingsevna har ført til at artsdatabanken har ført platanlønnen opp på med svært høg økologisk risiko i fremmedartlista.

Platanlønn
Namn på andre språk
SvenskTysklönn, sykomorlönn
DanskAhorn, Ær, Valbirk
EngelskSycamore
TyskBergahorn
FranskÉrable sycomore
SpanskArce blanco, arce plátano falso, sicomoro
RussiskKljon belyj (Клён белый)

I følgje Alan Mitchells Trær i skog og hage var det romarane som introduserte platanlønnen til Sør-Europa.

Platanlønnen har vid, kuppelforma krone, i Noreg vert han opp til 20 m høg. Med blad virkar treet mørkt og tett. Kvistene er snaue, blada er håra, blågrøne med eit raudskjær på undersida. Blada har fem lappar med grov, ujamn sagtakking. Lappane er buttare enn hos spisslønn, men flikane mellom lappane er spissare enn hos spisslønnen.

Platanlønnen blomstrar med hengande klasar litt etter lauvsprett. Han set karateristiske frø med to vengar som lett spreier seg med vinden. Vinkelen mellom frøvengene er spiss. Ungplantane toler godt å vekse i skygge, slik kan platanlønnen lett etablere seg i annan lauvskog.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra