Plav (serbisk Плав, albansk Plavë eller Plava) er ein by og kommune i det austlege Montenegro, på grensa til Kosovo og Albania. Plav ligg under Prokletije -fjella ved den øvre delen av elva Lim der denne skapar den mykje vitja Plavsjøen (Plavsko jezero). Kommunen høyrer til den søraustlegaste delen av den serbisk-montenegrinske grenseregionen Sandžak.

Plav
Horisonten til Plav
Horisonten til Plav
Byvåpenet til Plav
Styresmakter
Land
Kommune
Montenegro
Plav
Geografi
Flatevidd 486 km²
Innbyggjarar
 - By (2003)

13 805
Koordinatar 42°35′N 19°56′E / 42.583°N 19.933°E / 42.583; 19.933
Høgd over havet 1065 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 84325
Bilnummer BA
Heimeside: https://www.plav.me/
Plassering
Plav kommune i Montenegro
Plav kommune i Montenegro
Plav kommune i Montenegro
Plavsjøen er den fremste attraksjonen, og byen Plav ligg ved denne.

Byen ligg ved eit vidkjend karstlandskap med naturlege hòlebrønnar. Villmarksliv og skiturisme er viktige inntektskjelder i sesongane for dette.

Byen Plav hadde ein folkesetnad på 3 616 i 2003. I kommunen ligg òg den noko mindre nabobyen Gusinje med 1 704 innbyggjarar i vest. Heile kommunen hadde dette året 13 805 innbyggjarar. Folketalet er sterkt minkande; i 1985 var det oppe i nesten 20 000. I 2003 var fordelinga mellom folkegrupper 49 % bosniarar, 39 % albanarar og 11 % tyrkarar.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre