Playground Twist
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Join Hands
B-side

Pulled to Bits

Utgjeve 29. juni 1979
Innspelt 1978
Sjanger Post-punk
Lengd 3:00
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Susan Ballion, Kenny Morris, John McKay og Steven Severin
Produsent Nils Stevenson, Mike Stavrou
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
«The Staircase (Mystery)»
(1979)
Playground Twist «Mittageisen»
(1979)


«Playground Twist» er ein song av det engelske post-punk-bandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut i 1979 som den einaste singelen frå det andre albumet deira, Join Hands (1979).

Produksjon endre

Songen vart produsert av manageren til bandet, Nils Stevenson og Mike Stavrou, ein lydteknikar frå det siste albumet til T. Rex, Dandy in the Underworld (1977)

Mottaking endre

NME-skribenten Roy Carr hylla singelen og skreiv: «Om Ingmar Bergman hadde laga plater, kunne dei høyrdest slik ut. Lyttaren vert kjapt omringa av ein malstrøm av svirrande lyd punktert av den illevarslande ringinga til kyrkjeklokker, gitarar med phasing-effekt, torande perkusjon, ein surrealistisk altsaksofon og jamringa i røysta til Siouxie. Han må spelast fleire gonger på smertefullt høgt volum til framkalle den fulle marerittaktige kvaliteten».[1]

Utgjeving endre

Singelen kom ut 24. juni 1979 og vart den tredje topp 40-hitten til Siouxsie and the Banshees og nådde til slutt 28. plassen på UK Singles Chart den 15. juli.[2] Bandet framførte songen på Top of the Pops.[3]

B-sida, «Pulled to Bits», kom ut på samleplata Downside Up. Eit konsertopptak kom ut i 1983 på Nocturne.

Kjelder endre

  1. Carr, Roy (30. juni 1979), «Playground twist Singles review», NME 
  2. «UK Singles Chart - 15. juli 1979». officialcharts.com. Henta 13. august 2020. 
  3. AT The BBC - Siouxsie and the Banshees [boxset], Universal, 2009