Siouxsie Sioux
Siouxsie Sioux, uttalt «Susy Su» (fødd Susan Janet Ballion, 27. mai 1957), er ein engelsk songar og låtskrivar. Ho er mest kjend som frontkvinne i det kritikarroste bandet Siouxsie and the Banshees (1976–1996) og for utbrytargruppa The Creatures (1981–2005). The Banshees produserte elleve studioalbum og fleire hitsinglar, som «Hong Kong Garden», «Happy House», «Peek-a-Boo» og «Kiss Them for Me». Med The Creatures spelte Siouxsie inn fire studioalbum og hitsingelen «Right Now».
Siouxsie Sioux | |||
Siouxsie i 1980 | |||
Fødd | 27. mai 1957 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Southwark, Chislehurst | ||
Fødenamn | Susan Janet Ballion | ||
Alias | Siouxsie Sioux | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1976 til i dag | ||
Sjanger | Punkrock, post-punk, New Wave, gothic rock, alternativ rock | ||
Instrument | Vokal, gitar, piano, bass, perkusjon | ||
Stemmetype | alt | ||
Tilknytte artistar | Siouxsie and the Banshees, The Creatures | ||
Plateselskap | Polydor, Geffen, Sioux, W14 | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, synging, produsent | ||
Prisar | MOJO Awards |
Ho har òg sunge i lag med artistar som Morrissey[1] og John Cale.[2] På midten av 2000-talet starta ho ein solokarriere og gav ut Mantaray i 2007.
Siouxsie vert rekna som «ein av dei mest innverknadsrike britiske songarane i rockehistoria».[3] Songane hennar har vorte spelt av Jeff Buckley,[4] Tricky,[5] Massive Attack,[6] og LCD Soundsystem.[7] Platene hennar har òg blitt hylla av mange andre artistar som PJ Harvey[8] og TV on the Radio.[9]
I 2011 fekk ho prisen Outstanding Contribution To Music ved Q Awards.[10]
Kjelder
endre- ↑ Morrissey & Siouxsie gav ut singelen «Interlude» i august 1994 på EMI Records i Europa.
- ↑ Siouxsie og John Cale i duett. "Murdering Mouth". Amsterdam, Paradiso (With the Metropole Orkester). 25 February 1998.
- ↑ Stone, Doug. "Siouxsie'biography" Allmusicguide.com. "One of the most influential British females in rock"
- ↑ Untiedundone.com archives Arkivert 2005-11-27 ved Wayback Machine. Jeff Buckley spelte «Killing Time» i WFMU Studios, East Orange, NJ, 10.11.92.
- ↑ "Moon-palace.de" Tricky Web Site. Tricky spelte «Tattoo»
- ↑ "Inflightdata.com" Messeive Attack site Arkivert 2011-07-13 ved Wayback Machine. Messeive Attack sampla og spelte «Metal Postcard»i 1997 for filmen The Jackal
- ↑ "Introns 2006" Arkivert 2012-02-08 ved Wayback Machine. jacksonfreepress.com. LCD Soundsystem spelte «Slowdive»
- ↑ "7th January 2000 PJ selects her Top 10 Albums of 1999". Pjharvey.net. 7 January 2000. PJ Harvey cited Anima Animus of Siouxsie/The Creatures amongst her favourite albums of 1999
- ↑ "Icon: Siouxsie", The Fader Magazine, The Icon Issue 67, April/May 2010. s. 71: Dave Sitek (David Andrew Sitek) TV on the Radio.
- ↑ Siouxsie Sioux: 'There plenty more new material to come from me'. Qthemusic.com. 25.10.11. Henta 13. desember 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Siouxsie Sioux» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell side
- The Banshees & Other Creatures U.K.
- Untiedundone - intervju
- Siouxsie Sioux ved The Internet Movie Database (IMDb)