Opna hovudmenyen

Pliensbachium er ein alder i epoken tidleg jura. Han varte frå 189,6 ± 1,5 til 183 ± 1,5 millionar år sidan.

Alderen er kalla opp etter byen Pliensbach, om lag 30 km aust for Stuttgart i Tyskland. Mineral og fossil frå regionen er på utstilling i eit museum i Göppingen. Pliensbachium enda med ei masseutrydding kalla den toarkiske omveltinga.

I Europa vert denne perioden òg stundom kalla mellom lias.

KjelderEndra