Polesie

(Omdirigert frå Polissia)

Polesie (eller Polesia og Palessie) er ei av dei største myrlendte områda i Europa i sørvestlege delar av Den austeuropeiske sletta, hovudsakleg i Belarus og Ukraina, men òg delvis innanfor Polen og Russland. Sumpområdet i Polesie vert kalla Pinsk-myrene (etter byen Pinsk) eller Pripjat-myrene (etter elva Pripjat).

Polesie
region
Land  Ukraina,  Belarus  Polen,  Russland
Del av Polesian Lowland
Kart
Polesie
52°N 27°E / 52°N 27°E / 52; 27
Wikimedia Commons: Polesia
Polesie (i gult) på eit kart over Ukraina

Namnet Polesie har ei slavisk rot og tyder noko slikt som «skogområde». Polesie er den polske stavinga, belarusisk Палесьсе, Paleśsie; ukrainsk Полісся, Polissia; russisk Полесье, Polesie; latin Polesia.

Ein innbyggjar i Polesie vert kalla Palašuk på belarusisk, Polisjtsjuk på ein lokal ukrainsk dialekt, Poleszuk på polsk og Polesjtsjuk på russisk.

Geografi endre

Polesie er eit myrområde mellom elva Pripjat i sørlege område av Belarus (Brest, Pinsk, Kalinkavitsjy, Homel), nordlege delar av Ukraina (i oblasta Volyn, Rivne, Zjytomyr, Kiev, og Tsjernihiv), og delvis Polen (Lublin) og Russland (Brjansk). Det er ei slette innanfor nedslagsområdet til elvene Vestre Bug og Pripjat. Dei to elvene er knytt saman av Dnepr-Bug-kanalen, som vart bygd i tida rundt Stanisław August Poniatowski, den siste kongen i Den polsk-litauiske realunionen.

Av store sideelver til Pripjat finn ein Horyn, Stokhod, Styr, Ptyts og Jasielda. Dei største byane i området er Pinsk, Stolin, Davyd-Haradok. Store myromådet vart frå 1960- til 1980-talet tørrlagd og brukt som jordsbruksområde. Ein meiner at dette har skada miljøet rundt elveleiet til Pripjat.

Langt meir alvorleg er derimot etterverknadane etter Tsjernobylulukka. Store område vart forureina av radioaktive stoff, og området vert rekna som for farleg å bu i.

Kjelder endre