Den austeuropeiske sletta
Den austeuropeiske sletta, Det austeuropeiske låglandet eller Den russiske sletta er ei slette med ei rekkje store elvar i Aust-Europa. Det er det største fjellause området i Europa. Sletta dekkjer eit område på om lag 4 millionar km² og har ei gjennomsnittleg høgd på 170 meter over havet. Ho strekkjer seg frå Uralfjella og dekker det meste av den europeiske delen av Russland, Baltikum, Kviterussland, det meste av Ukraina, Moldova, austlege delar av Polen og vestlege område av Kasakhstan.
Ho grensar til Kvitsjøen og Barentshavet i nord, Uralfjella, Uralelva og Kaspihavet i aust, Kaukasus og Svartehavet i sør, Karpatane og andre fjell i Polen i vest. Sletta er vidare inndelt i fleire område, som Valdaiåsane, Det sentrale russiske høglandet, Volgahøglandet og låglandet rundt elva Dnepr, Svartehavet og Kaspihavet.
Under Det russiske keisardømet og Sovjetunionen vart sletta her kalla den russiske sletta (russisk Русская равнина eller Russkaja Ravnina). Dette namnet vert stundom òg nytta i dag.
I lag med Det nordeuropeiske låglandet dannar ho Den europeiske sletta.
Land
endre- Russland
- Estland
- Latvia
- Litauen
- Kviterussland
- Polen
- Ukraina
- Moldova
- Kasakhstan (den europeiske delen)
Landformer
endreAv store landskapstrekk på Den austeuropeiske sletta finn ein:
Store elvar
endreSjå òg
endre- Den vestsibirske sletta, den andre store sletta i Russland
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «East European Plain» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2008.