Pomorhandelen

(Omdirigert frå Pomorhandel)

Pomorhandel (av russisk помо́ры; po «ved» og more «hav»; «kystbuarar». Same ord som ligg til grunn for Pommern, òg kalla Russehandel er ei nemning på en handels- samkvemet mellom pomorane i Nordvest-Russland og folket langs kysten av Nord-Noreg, så langt sør som til Bodø. Denne handelen gjekk føre seg frå 1740 og fram til den russiske revolusjonen i 1917. Det nære samkvemet gav seg mellom anna utslag i danninga av eit eige pidginspråk, russenorsk. Språket var ei blanding mellom russisk og norsk.

Hamna i Arkhangelsk i 1896, då pomorhandelen var på topp.
Nordkalotten med hovudbyar knytt til pomorhandelen

Pomorhandelen var i utgangspunktet ein bytehandel mellom folk i nordområda, med kornprodukt frå Russland mot fisk frå Nord-Noreg som hovudhandelsvare. Etter kvart utvikla dette seg til å verta ein pengehandel, og faktisk vart rubelen nytta som valuta fleire stader i Nord-Noreg. Pomorhandelen var av stor tyding både for nordmenn og russarar. Handelen gjekk føre seg ved at russiske pomorar frå Kvitsjøtraktene og Kolahalvøya kom siglande til fjordbygder og handelsplassar langs kysten av Nord-Noreg. Pomorane var dyktige handelsmenn og sjøfararar, og dei utforska også områda kring Kvitsjøen. I tillegg til at dei seilte vestover med handelsvarer, etablerte dei òg ei handelsrute austover forbi Uralfjella til Nord-Sibir.

Bakgrunnsstoff

endre

Litteratur

endre
  • Per Botolf Maurseth: Historiske handelsstrømmer mellom Norge og Russland : betydningen av pomorhandelen fram mot første verdenskrig. I: Historisk tidsskrift 1997
  • Einar Niemi. Pomor, Norge og Russland i nord. I: P2-akademiet. E (NRK, 1996)
  • Einar Niemi (red.) Pomor : Nord-Norge og Nord-Russland gjennom tusen år (Gyldendal, 1992)
  • Ottar, nr 4, 1992 (temanummer)
  • Anastasia Gorter-Grønvik. Ter-Kysten. I: Nordnorsk magasin, nr 3/4 (1998)
  • Anastasia Gorter-Grønvik. Til de gamle pomorbyene i 1990-åra. Artikkelserie i Nordnorsk magasin, nr 1 (1994) - nr 8 (1993) - nr 6/7 (1993) og nr 5 (1993)
      Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.