Porfyrin (av porfyr) er ei gruppe av organisk sambindingar som har eit heterosyklisk grunnskjelett av pyrrolkjernar knytt saman med metingrupper (-CH-). Heme og klorofyll er porfyrin som finst i naturen. Dei inneheld kvar eit metallatom (respektive jarn og magnesium) som er knytt til nitrogenatoma i pyrrolkjernane.

Strukturen til porfin, det enklaste porfyrinet

Porfyrindelen av heme vert syntetisert i sellene ut frå aminosyra glysin og sitronsyresykluskomponenten ravsyre-CoA, som saman dannar δ-aminolevulinsyre. To molekyl av dette stoffet dannar porfobilinogen, og fire av desse att reagerer so under danninga av ymse porfyrin. Visse arvelege forstyrringar og tungmetallforgiftingar gjev opphoping av eitt eller fleire av mellomprodukta (porfyri).

Kjelder endre

«porfyriner» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 3. februar 2017.

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.