Port de Balès
Port de Balès er eit 1 755 meter høgt fjellpass i dei franske Pyreneane. Det er ein liten 19,2 kilometer lang veg opp til passet med ein snittstigning på 6,2 %, noko som gjer den fortent til å plasserast i hardaste etappekategori for franske sykkelritt, HC. Fram til sommaren 2006 var sørsida grusveg, men no er heile vegen over Port de Balès asfaltert. Frå passhøgda fører vegen D 925 etter 3,5 kilometer mot vest til den 1 855 høge Port de Pierrefite.
Port de Balès | |||
---|---|---|---|
Port de Balès: utsyn austover frå toppen av Mont Né. | |||
Nord | Sør | ||
Passhøgd | 1 755 m | ||
Département | Hautes-Pyrénées | Haute-Garonne | |
Stader | Mauléon-Barousse | Bagnères-de-Luchon | |
Samband | D 925 | D 51 | |
Bygd | 2006 | ||
Fjellområde | Dei franske Pyreneane | ||
Profil | |||
Klatrekategori | HC | ||
Stigning (snitt) | 6,3 % (1 185 m / 18,87 km) | 5,7 % (1 125 m / 19,66 km) | |
Stigning (maks) | 11,1 % | 11,2 % | |
Kart (Midi-Pyrénées) | |||
| |||
Koordinatar | 42° 52′ 25″ N, 0° 29′ 59″ AKoordinatar: 42° 52′ 25″ N, 0° 29′ 59″ A |
Tour de France
endrePort de Balès stod 23. juli 2007 for første gong på programmet i Tour de France (17. etappe). Førstemann over toppen var Kim Kirchen. 15. etappe under Tour de France 2010 gjekk òg over passet.
Bakgrunnsstoff
endre- Informasjonsside om Port de Balès
- Høgdeprofil nordsida Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Høgdeprofil sørsida Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.