Power Machinery Universal

Universal var den fyrste motorsaga produsert av Power Machinery (PM). Ho var konstruert av Sandy Megaw, som tidlegare hadde arbeidd for konkurenten IEL[1]. Univesal var ei einmannssag med ein masse på 16,3 kg, men kunne leverast kan handtak på sverdet, slik at ho òg kunne nyttast som tomannssag. Saga hadde totaktsmotor med eit slagvolum på 73 cm³ og flottørforgassar, manuell kopling og girdrift av kjeda.

Power Machinery Universal
Informasjon
Produsent Power Machinery
Konstruktør Sandy Megaw
Introdusert 1947
Spesifikasjonar
Sylindrar 1
Boring 47,6 mm
Slaglengd 44 mm
Slagvolum 78 cm³
Veivlager kulelager
Turtal 3800 o/min
Tenning magnet (Wico FWS18)
Stiftopning 46 - 51 mm
Tennplugg Champion J-8
Tennpluggopning 6,35 mm
Luftfilter metallgitter
Forgassartype flottør
Forgassar Tillotson AJ-13B
Drivestoff bensin
Olje/bensin 1:8
Kopling manuell
Kjededrift kjede
Kjedesmøring manuell
Masse 16,3 kg
Bensintankvolum 1,18 liter
Sverdlengd 50 cm
Trinse nei

PM Universal i Noreg

endre

For å få fart på hogsten etter 2. verdskrig sendte Statens tømmerutval ei tilråing til Landbruksdepartementet om å importera 1000 einmannsmotorsager. Etter mykje om og men løyvde Stortinget kr 1.800.000 til å kjøpa dei 1000 motorsagene[2] og det var kjøpt 800 PM Universal og 200 IEL Beaver. Det var meininga at staten skulle vidareselja dei importerte sagene, men salet gjekk mykje treigare enn ein hadde rekna med og fram til sumaren 1948 var det seld berre 200 sager[2]. Jo-Bu Senior, som kom på marknaden i 1948, synte seg å vera ei betre sag, noko som førte til at det vart vanskeleg å verta kvitt resten av PM Univesal-sagene[2]. Eit problem med PM Universal var at det breie sverdet hadde lett for å setta seg fast når stokken klemde. Jo-Bu Senior hadde mykje smalare sverd og var mindre utsett for å setta seg fast. Dei store hola i sverdet på PM Universal, som var der for å redusera massen, førte òg til problem ved at sverdet hekta seg fast i kvist som vart tredd gjennom hola under arbeid.

Gallei

endre

Referansar

endre
  1. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.
  2. 2,0 2,1 2,2 Vevstad, A., Motorsaga - fra tømmerfellingsmaskin til håndredskap, i (red.) Fossum, T., Årbok for Norsk skogbruksmuseum nr 9, 1978 - 1981, Norsk skogbruksmuseum, 1981.