Opna hovudmenyen
Prakttrast

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae
Slekt: Zoothera
Art: Z. wardii
Vitskapleg namn
Zoothera wardii
Blyth, 1843

Prakttrast (Zoothera wardii) er medlem av trastefamilien med leveområde i India, Nepal og Sri Lanka. Hannane har iaugefallande mønstra fjørdrakt i svart og kvitt, medan hoene er olivenbrune og flekka. Dei er trekkfuglar som hekkar i skogshabitat i det sentrale Himalaya og overvintrar i skogsterreng nede i åsane i det sørlege India og i Sri Lanka. Som mange andre trastar, beitar dei i nedfallsblad i undervegetasjon, men flyg inn i lauvverket og sit stille i trea når dei blir forstyrra, og er soleis krevjande å observere.

SkildringEndra

 
Illustrasjon frå Thomas C. Jerdon sitt verk Illustrations of Indian Ornithology, 1843-47 (S.N. Ward og S. Beist)[1]

Hannar av denne ca. 22 cm lange trastearten er iaugefallande i svart og kvit fjørdrakt. Han er stort sett svart på oversida, har ei lang kvit augestripe og kvite fjørtipper på vengdekkarar, tertialfjører, overgump og hale. Undersida er kvit med svartflekka flanker, nebbet og beina er gule. Hoer og ungfuglar har det same grunnleggjande mønsteret, men den svarte er erstatta av mørkt brunt, og det kvite av lyst brunt. Markeringane på undersida er meir skalforma.[2][3]

Nebbet er ikkje så sterkt bøygd som hos dunkeltrast, Zoothera marginata, eller langnebbtrast, Zoothera monticola, og hoa manglar den tydelege bleike kinnflekken til den liknande hofuglen av sibirtrast, Zoothera sibirica.[2]

Thomas C. Jerdon, som først fekk eit eksemplar av arten frå Ward, noterte:

«Den flekka svarttrasten lever fåtalig og spreidd gjennom Himalaya, og om vinteren på slettene i India. Den første skaffa eg tilveie frå foten av Neilgherries gjennom Mr. Ward, og etterpå fekk to eksemplar frå Nellore i Carnatic-regionen
— Thomas C. Jerdon[4]

Dei beitar åleine eller i par, ofte observert på bakken, men flyg opp i tre og sit roleg på greiner etter å ha blitt forstyrra. Prakttrastar kan som mange andre Zoothera-trastar, vere ganske atterhaldne.[2] Prakttrastar er altetande, men føretrekkjer insekt framfor frukt. Dei dannar lauselege flokkar om vinteren.

Hekkesesongen er frå mai til juli, og reiret er djupt, koppforma, fora med gras og sementert med gjørme, plassert lågt i ei forgreining av eit tre. Kullet er på 3-4 kvite eller blålege egg.[3] Han hekkar i Himalaya mellom 1500 og 2500 moh. i tett skog. Overvintringsområdene er liknande, men omfatte mindre tett skogområde, og er generelt mellom 750 og 1500 moh.

Songen deira er ikkje rekna som musikalsk slik som for mange andre trastar og består av ein serie pipande tonar etterfølgt av korte trillar.[2][3]

UtbreiingEndra

Om sommaren hekkar prakttrasten i området frå vestlege Himachal Pradesh i Himalaya austover i det minste til det sentrale Nepal, kanskje så langt aust som Sikkim.[2] Prakttrasten er ein trekkfugl, overvintrar hovudsakleg i Sri Lanka, med mindre tal i åsane i sørlege India. Under trekket kan dei bli åtaka av huskråker.[5]

Jamvel om dei er sjeldne, dei er lokalt og sesongmessig sett regelmessig på faste plassar om vinteren, som i Victoria Park i Nuwara Eliya, Sri Lanka, der ei rekkje fuglar samlast ved bekken tidleg på morgonen. Andre slike faste plassar ligg ved byar på åsar i Sør-India som til dømes Nandi Hills og Yercaud.[6][7][8][9]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Elliot, W. (1873). «Memoir of Dr T. C. Jerdon». Hist. Berwickshire Nat. Cl. 7: 143–151. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Rasmussen PC & JC Anderton (2005). Birds of South Asia: The Ripley Guide. Vol. 2. Smithsonian Institution & Lynx Edicions. s. 356. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Oates, E W (1890). Fauna of British India. Birds. Volume 2. Taylor and Francis. s. 137–138. 
  4. Jerdon, TC (1862). Birds of India. Volume 1. Military Orphans Press. s. 520–521. 
  5. Balasubramanian,P (1990). «Indian House Crow Corvus splendens preying upon Pied Ground Thrush Zoothera wardii at Point Calimere, Tamil Nadu». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 87 (2): 301–302. 
  6. Karthikeyan,S (1992). «Pied Ground Thrush Zoothera wardii (Blyth) in Bangalore». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 89 (2): 258. 
  7. Karthikeyan,S (1994). «Some notes on Pied Ground Thrush Zoothera wardii (Blyth)». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 91 (1): 145–146. 
  8. Jackson,MCA (1972). «Pied Ground Thrush Zoothera wardii (Blyth) in Kerala State». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 69 (3): 652. 
  9. Prasad,JN; Karthikeyan,S; Subramanya,S (1995). «Wintering of Indian Blue Chat Erithacus brunneus (Hodgson) and Pied Ground Thrush Zoothera wardii (Blyth) at Nandi Hills, South India». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 92 (2): 267–269. 

BakgrunnsstoffEndra