Precious Memories

Precious Memories er ein tradisjonell gospelsong tilskriven J.B.F. Wright i 1925. J. B. F. Wright var fødd i Tennessee 21. februar 1877. Songen er ofte blitt framført av ei rekkje forskjellige og kjende artistar som Tammy Wynette, Rosetta Tharpe, Johnny Cash, Alan Jackson, Emmylou Harris, Daniel O'Donnell, The Edwin Hawkins Singers, ein duett av George Jones & Patti Page, Jim Reeves, Bob Dylan, J.J. Cale og James Blackwood's quartet.[1]

Dolly Parton spelte inn songen i 1999 på Dollywood-albumet Precious Memories. Systera hennar, Stella Parton, spelte inn songen for gospelalbumet hennar Appalachian Gospel.

Ein versjon av The Stanley Brothers kan høyrast på Rick Grimes (Andrew Lincoln) sin radio i byrjinga av The Walking Dead sesong fire. Susan Raye sin versjon vart brukt i introen og rulleteksten til Paul Schrader-filmen Hardcore (1979).

Aretha Franklin spelte inn eit konsertopptak for albumet hennar Amazing Grace (1972) og Ronnie Milsap for albumet sitt Then Sings My Soul (2009).

Kjelder

endre
  1. «We Called Him Mr. Gospel Music [sound recording] : The James Blackwood Tribute Album». National Library of Australia. Henta 31. desember 2016.