Pregolja
elv i Kaliningrad oblast
Pregolja (russisk Преголя; tysk Pregel; litauisk Prieglius) er ei elv i Kaliningrad oblast i Russland. Elva er 123 km lang og har eit nedslagsfelt på 15 500 km². Elva har ei middelvassføring på 90 m³/s.
Pregolja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 15 500 km² | ||
Lengd | 123 km | ||
Middelvassføring | 90 m³/s | ||
Munning | Wisłalagunen | ||
Pregolja 54°38′52″N 21°47′27″E / 54.647778°N 21.790833°E | |||
Wikimedia Commons: Pregolya River |
Elva startar der Instrutsj og Angrapa renn saman og munnar ut i Wisłalagunen i Austersjøen.
Det matematiske problemet til Leonhard Euler kalla bruene i Königsberg var basert på bruene som kryssar Pregolja i Königsberg, i dag Kaliningrad.
Byar
endreSideelvar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pregolya» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2008.