Tsjernjakhovsk
Tsjernjakhovsk (russisk Черняхо́вск, tysk Insterburg, litauisk Įsrūtis, polsk Wystruć) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km aust for Kaliningrad.
Tsjernjakhovsk Черняховск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Kaliningrad oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1336 1583 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
40 505 | ||||
Koordinatar | 54°38′00″N 21°49′00″E / 54.63333°N 21.81667°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | +7 40141 |
Historie
endreDen tyske riddarordenen grunnla borga Insterburg i 1336. Ein busetnad voks fram rundt borga og denne busetnaden, som òg vart kalla Insterburg, fekk byrettar i 1583. Insterburg vart ein del av Hertugdømet Preussen og seinare Aust-Preussen i Kongeriket Preussen.
Byen vart ein del av Det tyske keisardømet i 1871.
Under den andre verdskrigen vart Insterburg tungt bomba av britiske Royal Air Force 27. juli 1944. Byen vart storma av styrkar frå den raude armeen den 21. januar 1945. Insterburg vart etter krigen overført frå Tyskland til Sovjetunionen som eit ledd i Potsdam-konferansen. Den tyske folkesetnaden i byen vart anten evakuert eller utvist og vart erstatta med russarar. I 1946 vart namnet Insterburg endra til Tsjernjakhovsk, etter den sovjetiske generalen (seinare marskalk) Ivan Tsjernjakhovskij.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Tsjernjakhovsk» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.