Preservation Inlet
Preservation Inlet er den sørlegaste fjorden i Fiordland National Park, og ligg ved det sørvestlege hjørnet til Sørøya på New Zealand, i regionen Southland.
GeografiEndra
Preservation Inlet er ein lang og trong fjord som strekkjer seg i nordaustleg retning mellom Gulches Head i nord og Puysegur Point i sør. Coal Island ligg ved innløpet. Den inste armen vert kalla Long Sound, som er utløpet til elva Long Burn[1].
Ein større del av det indre Preservation Inlet er eit verna område innanfor Te Tapuwae o Hua (Long Sound) Marine Reserve.
HistorieEndra
Staden var kjend av tidlege sel-s og kvalfangarar, og fekk namnet sitt av kaptein Eber Bunker i 1809. Den første landbaserte kvalfangststasjonen på New Zealand vart etablert her i 1828[2] eller 1829, og dreiv fangst av sørkaper (engelsk Southern Right Whale) ((Eubalaena australis) i dette området[1]. I 1900 vart ein busetnad med namnet Cromarty etablert i Kisbee Bay. Det var meininga å dra nytta av både gullfunn i 1890-åra og fiske, men dette vara ikkje så lenge, og i dag er det få leivningar att av busetnaden.[1][3].
ØkologiEndra
Etter ein massiv fangst gjennom mange år, er sørkaperkval/sørleg rettkval (rettkvalfamilien) endeleg starta å koma attende til staden[4][5][6]. Der er uverifiserte observasjonar av hektordelfinar i området[7].
TilkomstEndra
Der er ingen vegar langs kysten på denne staden. Men ei turrute hit går frå Tuatapere. Der er også åtkome til fjorden sjøvegen og med fly. [1] Arkivert 2015-09-25 ved Wayback Machine.
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Wises New Zealand Guide, 7th Edition, 1979. ss. 355-56
- ↑ New Zealand Encyclopaedia 1966: Shore-based whaling
- ↑ Wises New Zealand Guide, 7th Edition, 1979. s. 77
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. mai 2010, henta 29. februar 2012
- ↑ http://www.scoop.co.nz/stories/AK0905/S00270.htm
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. oktober 2008, henta 29. februar 2012
- ↑ «Hector’s Dolphin Threat Management Discussion Document» (PDF). Department of Concervation, Ministry of Fisheries. 2007. s. 93. Henta 29. februar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Preservation Inlet» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.