Presque Isle State Park
Presque Isle State Park er ein delstatseigd park i Pennsylvania i USA som ligg på ein sanddekt halvøy ut i Lake Erie, 7 km vest for byen Erie i Millcreek Township i Erie County. Halvøya strekkjer seg nordaustover kring Presque Isle Bay langs sørkysten av parken. I parken er det 21 km med veg, 33 km med stiar, 12 strender og ein marina. Populære fritidsaktivitetar i parken er symjing, båtliv, turar, sykling og fuglekikking.
Presque Isle State Park | |||
verneområde | |||
Flyfoto av Presque Isle mot nordaust
| |||
Namneopphav: presqu'île, fransk for «nesten ei øy» | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Pennsylvania | ||
County | Erie | ||
Township | Millcreek | ||
Stad | Lake Erie | ||
• høgd | 177 moh. | ||
- koordinatar | 42°09′47″N 80°06′03″W / 42.16306°N 80.10083°W | ||
Areal | 1 259,4 ha [1] | ||
Grunnlagd | Mai 1921 | ||
Styre | Pennsylvania Department of Conservation and Natural Resources | ||
Vitjande | over 4 mill. årleg [2] | ||
Presque Isle State Park 42°09′47″N 80°06′03″W / 42.1631°N 80.1008°W | |||
Kart som viser Presque Isle State Park.
| |||
Presque Isle State Park, Lake Erie, and Erie, Pennsylvania
| |||
Wikimedia Commons: Presque Isle State Park | |||
Nettstad: Presque Isle State Park |
Gjennom historia har det stått franske, britiske og amerikanske fort på halvøya, og ho har vore base for kommandør Oliver Hazard Perry sin flåte i krigen i 1812. Etter kvart som skipstransport vart viktig på Eriesjøen på 1800-talet, stod det fleire fyr på Presque Isle og ein stasjon for det som vart den amerikanske kystvakta. I 1921 vart parken delstatseigd og han hadde i 2007 over fire millionar vitjande, som er den mest vitja parken i Pennsylvania.[2]
Presque Isle-halvøya vart danna av ei morene mot slutten av den siste istida og endrar kontinuerleg form av bølgjer og vind. Dette fører til sju økoloiske soner innfor parken og eit klassisk døme på økologisk suksesjon. Han har hatt status som National Natural Landmark sidan 1967 og har vorte kalla ein av dei beste stadane i USA for fuglekikking.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Presque Isle State Park» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Cupper, Dan (1993). Our Priceless Heritage: Pennsylvania’s State Parks 1893–1993. Harrisburg, Pennsylvania: Commonwealth of Pennsylvania, Pennsylvania Historical and Museum Commission for Department of Natural Resources, Bureau of State Parks. ISBN 0-89271-056-X.
- ↑ Trostle, Sharon, red. (2009). The Pennsylvania Manual 119. Harrisburg: Pennsylvania Department of General Services. s. 9–16. ISBN 0-8182-0334-X.
- ↑ 2,0 2,1 «Presque Isle State Park». Pennsylvania Department of Conservation and Natural Resources. Henta 30. januar 2007.