Prestebakke kyrkje

kyrkje i Halden i Østfold

Prestebakke kyrkje er ei langkyrkje frå 1795 i Halden kommune i Østfold fylke. Byggverket er i tre og har 225 plassar.

Prestebakke kyrkje
kyrkje
Prestebakke kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Land  Noreg
Fylke Østfold
Kommune Halden
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Søndre Borgesyssel
Sokn Enningdalen
Fellesråd Halden
Type Langkyrkje
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 1795
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Kleberstein
Sitjeplassar 225
Kart
Prestebakke kyrkje
58°59′36″N 11°31′57″E / 58.993355°N 11.53236194°E / 58.993355; 11.53236194
Wikimedia Commons: Prestebakke kirke

Dette er hovudkyrkja i Enningdalen sokn. Kyrkjestaden var tidlegare der Søndre Enningdalen kyrkje står no, og det er lett å blande dei to kyrkjene saman. Då ny kyrkje skulle byggjast i 1793, vart kyrkjestaden flytta til Prestebakke, men den gamle kyrkjegarden vart halden i hevd, og i 1950-åra vart så Søndre Enningdalen kyrkje bygd.

Prestebakke kyrkje er lafta og kom under tak i 1793, som ein ser av årstalet på vindfløya. Kyrkja vart vigsla i 1795.

Altartavla har eit bilete av krossfestinga, og somme trur ho vart måla av Eggert Munch.[1] Preikestolen er på alder med kyrkja. Døypefonten er av kleberstein og stammar truleg frå ei tidlegare stavkyrkje.

Ved og i kyrkja var det kampar mellom norske og svenske styrkar 10. juni 1808, og kyrkja har framleis kulehol i veggene. Dei falne i slaget vart lagde i ei fellesgrav på kyrkjegarden, og ein minnebauta vart reist til hundreårsdagen.[2]

Tilkomst til staden er via fylkesveg 101.

Fotnotar endre

  1. Skauge og Stumberg (2010), s. 136.
  2. Skauge og Stumberg (2010), s. 134.

Bakgrunnsstoff endre