Preston i Dorset
Preston er ein landsby i det sørlege Dorset i England. Han ligg omkring 3 km austom Weymouth.
Preston | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Devon | |
Geografi | ||
Koordinatar | 50°39′N 2°25′W / 50.650°N 2.417°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Det er god utsikt over Weymouth Bay frå eit utkikkspunkt i Preston. John Constable målte «Weymouth Bay» der.
Det er funne restar av eit romersk tempel i Preston. Soknekyrkja, vigd til St. Andreas, er frå 1400-talet, med eit tårn frå 1500-talet. Ho er i gotisk stil. Inventaret er for det meste frå ei restaurering i 1855, og det er to glasmåleri frå 1949.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Preston (Dorset)» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2011.