John Constable
John Constable (11. juni 1776–31. mars 1837) var ein engelsk kunstmålar frå romantikken. Han er best kjend for landskapsmåleria sine frå Dedham Vale, området omkring der han budde, i dag kjent som «Constable Country». Sjølv om måleria hans i dag er blant dei mest populære og kostbare i den britiske kunsten, fekk han aldri nokon finansiell suksess medan han levde.
John Constable | |
Fødd | 11. juni 1776 East Bergholt, Suffolk |
Død |
31. mars 1837 (60 år) |
Yrke | kunstmålar, landskapsmålar, bygningstegner |
Sjanger | landskapsmåleri, sjangerkunst, marinemåleri, portrett, religiøs kunst, stilleben |
Far | Golding Constable |
Mor | Ann Watts |
Ektefelle | Maria Bicknell |
Born | Charles Golding Constable, Lionel Bicknell Constable |
John Constable på Commons |
Constable er best kjend for måleria Dedham Vale (1821) og The Hay Wain (1821). Han blei vald som medlem av Royal Academy då han var 52 år gammal. Verka hans blei populære i Frankrike, der han selde fleire verk enn i heimlandet, og inspirerte franske kunstnarar som Eugène Delacroix, kunstnarane i Barbizon og dei seinare impresjonistane.
GalleriEndra
Deadham Vale, 1803, Victoria and Albert Museum
Hadleigh Castle, 1828, Yale Center for British Art