Weymouth Bay er ei lukka bukt på sørkysten av England i Dorset. Ho er verna frå erosjon av Chesil Beach og Isle of Portland og har sjølv fleire strender, mellom anna Weymouth Beach, ei stor sandstrand som strekkjer seg frå feriestaden Weymouth, langs forstadane til Greenhill, Lodmoor og Preston til like forbi Furzy Cliff ved Bowleaze Cove. Den vakre naturen her har gjeve bukta kallenamnet «Englands svar på Napoli».

Weymouth Bay: Bowleaze Cove and Jordon Hill av John Constable (1816–17)
Weymouth Beach — ei av strendene som grensar til Weymouth Bay

Farvatnet her er glimrande for segling[1] og seglekonkurransane under sommar-OL 2012 skal haldast her.

Weymouth Bay ligg om lag midt på Jurassic Coast, ein verdsarvstad på sørkysten av England.

Kjelder

endre
  1. {{cite web | last = | first = | authorlink = | coauthors = | year = 2005 | url = http://www.weymouth.gov.uk/London2012/home.asp?svid=14 Arkivert 2006-11-18 ved Wayback Machine. | title = 2012 Olympic Games sailing venue | format = | work = | publisher = Weymouth og Portland Borough Council

50°37′N 2°25′W / 50.617°N 2.417°W / 50.617; -2.417