Primorsk
- For distriktet Primorskje, sjå Primorskij kraj.
Primorsk (russisk Приморск, finsk Koivisto, svensk Björkö[1]) er ein by i Leningrad oblast i Russland og den største russiske hamna ved Austersjøen. Han har om lag 6 000 innbyggjarar. og ligg på Det karelske neset, 137 km vest for Sankt Petersburg, på nordkysten av Finskebukta.
Primorsk | |||
Приморск | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | ||
Folketal | 6 334 (2024) | ||
Først nemnd i | 1268 | ||
• Bystatus | 1940 | ||
Postnummer | 188910 | ||
Retningsnummer | +7 81378 | ||
![]() Primorsk 60°22′00″N 28°37′00″E / 60.366666666667°N 28.616666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Primorsk (Leningrad Oblast) |
Historikk
endreBusetnaden vart først nemnd i russiske kjelder som Berjozovskoje («Bjørkelandsby») i 1268, då dei tyske handelsmennene frå Gotland bad republikken Novgorod om å sikre passasjen deira til elva Neva. Svenskane annekterte regionen under det tredje svenske krosstoget. Russarane tok tilbake byen og øyane utanfor ved slutten av den store nordiske krigen i 1721. Så delte byen skjebne med resten av Det karelske neset, det vil sei at han etter krigen 1808-1809 vart innlemma i Storfyrstedømet Finland.
Primorsk utvikla seg på 1900-talet som ei uthamn for byen Viborg og var i første halvdelen av 1900-åra ein av dei mest framståande sjøfartsbyane i Finland, men ved Moskvafreden i 1940 måtte Finland avstå byen til Sovjetunionen. Under framhaldskrigen flytta mange finnar attende til byen, men etter våpenstillstanden i 1944 vart området overdrege til Sovjetunonen att.
Oljeterminal
endrePrimorsk er heimstad for den største oljeterminalen i Austersjøen, som vart utvikla av Putin-administrasjonen som endestasjon for røyrleidningssystemet, til ein pris på 2 000 000 000 USD. Terminalen starta drifta i desember 2001 og hadde utmanøvrert Ventspils og andre utanlandske rivalar i løpet av eitt år.[2]
Kjelder
endre- ↑ Björkö-namn.
- ↑ «Baltic lessons for EU in dealing with a resurgent Russland», Jan Cienski, ft.com, 24. nov. 2006, arkivert frå originalen 13. mai 2007, henta 19. august 2008
- Delar av denne artikkelen bygger på «Primorsk» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.