Donald Henry Rumsfeld (fødd 9. juli 1932) er ein amerikansk politikar. Han var forsvarsminister i USA frå 1975 til 1977 og igjen frå 20. januar 2001 til 18. desember 2006.

Donald Rumsfeld

Fødd9. juli 1932
Chicago
Død29. juni 2021 (88 år)
Statsborgar avUSA
PartiDet republikanske partiet i USA
Yrkepolitikar, offiser, diplomat, forfattar, forretningsdrivande, embetsmann, Forsvarsminister
Utdanna vedPrinceton University
Georgetown University Law Center
MorJeannette Husted
EktefelleJoyce Pierson
Alle verv
  • medlem av USAs representanthus (1963–1969)
  • USAs forsvarsminister (2001–2006)
  • USAs forsvarsminister (1975–1977)
  • stabssjef i Det hvite hus (1974–1975)
  • USAs permanente representant ved NATO (1973–1974)
  • Presidentens rådgiver (1970–1971) Sjå dette på Wikidata

Rumsfeld vart fødd i Chicago, med sveitsisk avstamming.[1] Han studerte ved Princeton University, var marineflygar frå 1954 til 1957, og vart deretter vald inn i Representanthuset i USA. Han var NATO-ambassadør for US frå 1973 til 1974. I 1974 vart han stabssjef i Det kvite huset i Washington, D.C., og året etter den yngste forsvarsministeren USA hadde hatt, under president Gerald Ford. Han vart igjen forsvarsminister under George W. Bush i 2001. I 1977 mottok han Presidentens fridomsmedalje av president Jimmy Carter.

Den 8. november 2006 vart det kunngjort at han trekte seg som forsvarsminister som følgje av det dårlege resultatet for Det republikanske partiet ved Kongressvalet. Frustrasjon over tilhøva i Irak vart sett på som ein medverkande grunn til den dårlege valoppslutninga. Han vart etterfølgd av den tidlegare CIA-direktøren Robert Gates.

Referansar endre

  1. Bradley Graham, By His Own Rules (2009) s. 16, 31