Professor Dahls gate i Oslo
Professor Dahls gate (1–53B, 8A–52) er ei gate i Oslo. Ho går frå Bogstadveien til Kirkeveien. Gata fekk namn i 1879 og er oppkalla etter professor Johan Christian Clausen Dahl, meir kjent som malaren I.C. Dahl (1788-1857).
Gata går frå Kirkeveien i vest, over Vestkanttorvet før ho held fram austover til der Hegdehaugsveien går over i Bogstadveien.
Bygningar
endreNr | Bilde | Skildring |
---|---|---|
1 |
Leigegard (ark. August Tidemand) oppført 1884 for Otto Juul Schjønneberg. Tre etasjar i pussa tegl. Nyrenessanse.[1] Listeført.[2] | |
3 |
Oppført for Otto Juul Schjønneberg.[3] Fasademessige likskapar med nr. 1, som er teikna av August Tidemand. Listeført.[4] | |
5 | Hjørnegard (ark Samuel Borgfelt) oppført 1902. Fire etasjar med pussa fasade. Enkel jugendstil. Markant hjørnetårn. Underetasje noko endra.[5] Listeført.[6] | |
7 | Hjørnegard (ark. Carl Aaman) ved Eilert Sundts gate. Fire etasjar i pussa tegl og loftsetasje. Enkel nyrenessanse med langsgåande band i dei to nederste etasjane.[7] Listeført.[8] | |
8 | Bustad- og forretningsgard ved Holtegata. Tre etasjar i pussa tegl og loftsetasje. Enkel nyrenessanse. Forretningar i gateetasjen, elles bustader. Den norske studentersangforening har lokale i kjellaren,[9] og Norsk ballettinstitutt held også til i huset.[10] Listeført.[11] | |
10 | Listeført bygg frå 1886 [12] som er blitt kjend som Casa Rosa. På denne adressa låg Frøknene Platous Forskole for gutter før den fyrste verdskrigen, med Johan Borgen som ein av elevane.[13] | |
16 | Bustadgård (ark. Jørgen Berner) oppført 1930.[14] Fire etasjer (med den øvste litt tilbaketrekt) og sokkeletasje. Pussa fasade. Funkisaktig. Listeført.[15] | |
17 | Tilbaketrekt frå gata (inntil Ulfstens gate) står eit stort gult murhus frå 1856[16] med mansardtak. Seks leilegheiter fordelt på to etasjar og loftsetasje. Huset har tilhøyrd antroposofar sidan 1907, og Rudolf Steiner vitja huset fleire gonger.[17][18] Listeført. | |
18 | Her stod det tidlegare eit mindre murhus og eit trehus med adresse nr. 20.[19] Den noverande bustadgarden (ark. Ole Petter Hjort) blei oppført i 1959.[20] Fire til fem etasjar i upussa tegl. | |
19 | Bygard oppført i 1902 (nr. 19A) med bakbygning (nr. 19B, arkitekt: Gulbrand Øverbye) frå 1926.[20] Listeført.[21] | |
21 | Bygard (ark. Kristen Rivertz) oppført 1893–94 for Sigvart Bakke på det nordre hjørnet ved Majorstuveien. Karakteristisk gard som blander elementer av nyrenessanse og barokk. 3 1/2 etasjar med mansardtak og markert hjørnetårn.[22] Har tidlegare husa eit pensjonat.[20] Listeført.[23] Hadde tidlegare nr. 21B, då eit trehus på tomta for nr. 23 hadde nr. 21.[19] | |
22 | Tidlegare stod det eit trehus her.[19] Den noverande bustagarden (ark. Rolf Wahlstrøm) blei oppført i 1983. Reisebyrå i gateetasjen.[24] | |
23 | Murvilla frå 1946, verna etter Plan- og bygningsloven.[25] | |
24 | Murvilla (ark. Henrik Bull) oppført 1917/18.[26] Verna etter Plan- og bygningsloven.[27] | |
24C–K | Rekkehus (ark. Nicolai Beer) oppført 1928. Funksjonalisme. Ein garasje i 24B er frå 1930.[28][29] | |
25 | Her stod tidlegare ein sveitservilla oppført 1864 for Ambrosia Blytt (enke etter Matthias Blytt).[13] Her budde vegdirektør Hans Hagerup Krag i 1880-åra.[30] Den noverande bustadgarden (åtte bueiningar) er teikna av F.S. Platou og oppført i 1967.[31] Verna etter Plan- og bygningsloven.[32] | |
26 |
Hamna, løkkehus på løkke anlagt for Ludvig Kristensen Daa. Oppført 1864,[31] med endringar i 1898 av Halfdan Berle. Tilbygg, ny fasade og innvendige endringar i 1917 ved Henrik Bull. Har gått under nemninga «Det hvite hus i Professor Dahls gate». Huset har vore brukt til fleire ulike føremål.[13][33] Verna etter Plan- og bygningsloven.[34] | |
27 | Fjeldhøi, sveitservilla i halvannan etasje oppført i 1864 for Ambrosia Blytt. Sonen, botanikaren Axel Blytt, budde her i fleire år. Huset ligg eit stykke tilbake frå gata, bak 27B–C. Villaen i nr. 37 er svært lik denne.[13][35][36] Verna etter Plan- og bygningsloven.[37] | |
27B–C | Tomannsbustad (ark. Adalbert Kielland) i to etasjar oppført i 1928.[28] Verna etter Plan- og bygningsloven.[38] | |
29 | Fridheim, sveitservilla oppført i 1870-åra for Thorvald O. Boeck. Boeck-familien budde sjølv i første etasje og leigde elles ut. Blant leiebuarane her har vore arkeologen Ingvald Undset og arkitekten Lars Backer. Hovudhuset er omregulert til Industrigata 19, og på tomta ned mot Professor Dahls gate står fleire trebygningar av varierande alder. Husar Fridheim barnehage etter ominnreiing i 1992.[13][36][39][40] Verna etter Plan- og bygningsloven.[41] | |
30 | Berles skole (ark. Halfdan Berle), oppført 1897. Varierande bruk gjennom åra. Har frå 1994 husa Rudolf Steinerhøyskolen mm.[13][42][43] Verna etter Plan- og bygningsloven.[44] | |
30B | Hamna barnehage[45] held til i ein bygning innanfor nr. 30 som blei teikna av Helge Thams og Per Gaare og oppført i 1978.[46] Verna etter Plan- og bygningsloven.[47] | |
31 | Panelt tømmerhus i to etasjar oppført ca. 1868, muligens som tomannsbustad. Ombygga og innreia som einebustad 1896 ved Hjalmar Welhaven for Emil Roll. Ominnreia til tomannsbustad i 1930 ved Arne Korsmo og Sverre Aasland. Restaurert i 1994.[13][48] Verna etter Plan- og bygningsloven.[49] | |
31B–H | Buet boligblokk (ark. Frithjof Reppen) oppført 1931. Strekker seg bort til Fearnleys gate. Funksjonalisme.[13] Verna etter Plan- og bygningsloven.[50] | |
32 | Murvilla (ark. Hans Olsen) oppført 1896–98 for Christian Langaard på løkka Rolighed (Langgaardsløkken).[13][51] På samme eiendom står et hus i hjørnet ved Briskebyveien, og sør for dette er kjeglebanehuset i Briskebyveien 21. Verna etter Plan- og bygningsloven.[52] | |
33A–E | Boga bustadblokk (ark. Frithjof Reppen) oppført i 1931. Strekker seg bort til Fearnleys gate. Funksjonalisme.[53][13] Verna etter Plan- og bygningsloven.[50] | |
35 | Bygard (ark. Halfdan Berle) oppført 1900–04.[54] Fire etasjar og høg sokkeletasje, blanding av pussa og upussa flater i fasaden. Listeført. | |
36 | Hus i to etasjar oppført for Frognerjordet skole i 1859. Skulebygningen blei utvida nokre år etterpå for så å bli avløyst av Uranienborg skole. Frå 1872 Hegdehaugen Børneasyl (barnehage). Kommunal barnehage frå 1952.[55] Har heitt Hegdehaugen barnehage sidan 1986.[56] Listeført.[57] | |
37 | Halvannan etasjes sveitservilla oppført 1878 for Mathias Johannessen og Hans Nilsen. Markant midtparti med veranda i to etasjar. Står på grunnen til den ikke-fullførte Frits Thaulows gate og var trug av riving. Påbygga i noko avvikande stil av arkitektkontoret Telje-Torp-Aasen i 1984. Elles svært lik nr. 27.[36][58] Listeført.[59] | |
39 | Bygard (ark. Olvar Ibsen) oppført i 1948.[60][61] | |
42 | Murvilla (ark. Th. Bjørnstad) oppført i 1926.[13] Vernet etter Plan- og bygningsloven.[62] | |
43 | Leigegard (ark. Olaf Boye) oppført i 1896. Fire etasjar i pussa tegl. Nyrenessanse. Tidlegare bebuarar her er mellom anna Aksel Arstal, forfattaren av første utgåve av Oslo byleksikon.[13][63] Listeført.[64] | |
44A | Sognshøi eller Sognshaug i nr. 44 var ein løkkeeiendom som blei selt frå Sognsløkken i 1846 til A.W. Müller. Frå 1856 tilhøyrde eigedommen Louise Muus og blei kalla Muus(e)løkken. Hovudhuset ligg på eit lite høgdedrag og har adresse 44A. Det finst motstridande påstandar om byggeår, men huset skal ha vore enkelt i byrjinga og fått meir sveitserpreg etterhvert. Dette er så dempa ved seinare endringar. Det som står att av løkkeeiendommen blir i dag brukt av Frogner barnehage.[65][66][67] Verna etter Plan- og bygningsloven.[68] | |
44B | Stall på Sognshøi. Brukt som atelier av Henrik Sørensen i 1930-årea. Inngår no i bygningsmassen til Frogner barnehage.[66][67][68] | |
45 |
Bygard (ark. Eduard Carlén) oppført i 1898.[69] Listeført.[70] | |
46A | Villa teikna av og oppført for Trond Eliassen i 1956.[13] Verna etter Plan- og bygningsloven.[71] | |
46B | Villa (ark. Bjercke og Eliassen) oppført i 1920 som privatbustad for Georg Eliassen. Tildelt Sundts premie same år.[13] Verna etter Plan- og bygningsloven.[71] | |
47 | Bustadblokk (ark. H. Mollø-Christensen) oppført 1970.[69] | |
48 | På eit høgdedrag litt innanfor gata stod tidlegare ein trevilla. Dagens bustadblokk er teikna av Bakstad & Hovind og oppført i 1984.[72] Upussa raud tegl i fasaden. | |
50 | Bustadblokk oppført 1990.[73] Gul tegl i fasaden. | |
51 | Bustadblokk (ark. Peter Daniel Hofflund) med tre etasjar, kjellar og loft oppført i 1936.[53] Listeført.[74] | |
52 | Bustadblokk (ark. Gunnar Schultz) oppført i 1935. Tre etasjer og loft.[75] Listeført.[76] | |
53 | Bustadblokk (ark. Peter Daniel Hofflund) med tre etasjar, kjellar og loft oppført 1936.[53] Listeført.[77] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Professor Dahls gate (Oslo)» frå Wikipedia på bokmål, den 20. september 2018.
- Referansar
- ↑ Sameiet Professor Dahls gate 1
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Bogstadveien 2 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Professor Dahls gate 5 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Colletts gate 9 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Den norske studentersangforening
- ↑ Norsk ballettinstitutt
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ 13,00 13,01 13,02 13,03 13,04 13,05 13,06 13,07 13,08 13,09 13,10 13,11 13,12 13,13 Knut Are Tvedt, red. (2010). «Professor Dahls gate». Oslo byleksikon (5. utg.). Kunnskapsforlaget. s. 456. ISBN 978-82-573-1760-7.
- ↑ Oslo gårdkalender, s. 255.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ «Prof. Dahls gt. 17 – Historie». Arkivert frå originalen 7. november 2017. Henta 31. oktober 2017.
- ↑ Nr. 7 i Det antroposofiske kvartal bak Slottet
- ↑ 19,0 19,1 19,2 Kart fra 1940 hos Byarkivet i Oslo kommune.
- ↑ 20,0 20,1 20,2 Olsen (2017), s. 213.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Professor Dahls gate 21b (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Olsen (2017), s. 214.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Stephan Tschudi-Madsen (1983). Henrik Bull. Universitetsforlaget. s. 81. ISBN 82-00-06270-8.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ 28,0 28,1 Oslo gårdkalender, s. 256.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Njål Moe (1981). Kavalkade med bilder fra en gammel bydel. Bydelsutvalg 2 Homansbyen — Uranienborg — Majorstuen. s. 10.
- ↑ 31,0 31,1 Olsen (2017), s. 215.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Hamna, Professor Dahls gate 26 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Fjeldhøi, Professor Dahls gate 27 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ 36,0 36,1 36,2 Bruun, Ole Daniel (2008). «645: Villaer på Hegdehaugen». Arkitektur i Oslo. Kunnskapsforlaget. s. 136–137. ISBN 978-82-573-1945-8.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Fridheim, Professor Dahls gate 29 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Fridheim barnehage
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Berle skole, Professor Dahls gate 30 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Nr. 9 i Det antroposofiske kvartal bak Slottet
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Oslo kommune om Hamna barnehage
- ↑ Olsen (2017), s. 218.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Professor Dahls gate 31 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ 50,0 50,1 Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Rolighed, Professor Dahls gate 32 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ 53,0 53,1 53,2 Oslo gårdkalender, s. 257.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Mørch (2009), s. 111.
- ↑ Oslo kommune om Hegdehaugen barnehage
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Professor Dahls gate 37 (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Oslo gårdkalender, s. B62.
- ↑ Olsen (2017), s. 222.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Arkitektur og historie i Oslo: Arkitekt Olaf Boye på Majorstuen (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Geir Tandberg Steigan: Sognshøi, Professor Dahls gate 44b (Arkitekturhistorie.no)
- ↑ 66,0 66,1 Knut Are Tvedt, red. (2010). «Sognshaug». Oslo byleksikon (5. utg.). Kunnskapsforlaget. s. 523. ISBN 978-82-573-1760-7.
- ↑ 67,0 67,1 Oslo kommune om Frogner barnehage
- ↑ 68,0 68,1 Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ 69,0 69,1 Olsen (2017), s. 223.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ 71,0 71,1 Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Olsen (2017), s. 224.
- ↑ Olsen (2017), s. 225.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Oslo gårdkalender, s. 258.
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Litteratur
endre- Knut Are Tvedt, red. (2010). «Professor Dahls gate». Oslo byleksikon (5. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 456. ISBN 978-82-573-1760-7.
- Joar Nyquist; P.D. Hofflund, red. (1955). Oslo gårdkalender: Nybygg 1925–1955. Oslo: Fredhøi.
Bakgrunnsstoff
endre- Listeførte bygningar hos Riksantikvaren
- «Oslo kommune – Bydelsoversikt (P)». Arkivert frå originalen 29. juli 2014. (arkivert nettside)
- Professor Dahls gate (Oslo) ved Lokalhistoriewiki