Professor Layton and Pandora's Box

Professor Layton and Pandora's Box, kjent i Nord-Amerika som Professor Layton and the Diabolical Box, er eit hjernetrim-eventyrspel utvikla av Level-5. Det var utgjeve av Level-5 i Japan i 2007 og av Nintendo internasjonalt i 2009. Spelet vart seinare utgjeve for iOS- og Android-einingar i 2019.[1] Pandora's Box er oppfølgjaren til Professor Layton and the Curious Village og den andre tittelen i Professor Layton-serien. Det vart etterfølgt av Professor Layton and the Lost Future i 2010.

Professor Layton and Pandora's Box
Utviklar(ar)Level-5
Utgjevar(ar)Nintendo
Level-5 (Japan)
DistributørNintendo eShop, App Store
Produsent(ar)Akihiro Hino
Komponist(ar)Tomohito Nishiura
SerieProfessor Layton
Plattform(er)Nintendo DS, iOS, Android
UtgjevingNintendo DS
JP: 29. november 2007
NA: 24. august 2009
EU: 25. september 2009
iOS, Android
20. juni 2019
SjangerHjernetrim, eventyr
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://professorlayton.nintendo.com/diabolicalbox/
Del av serien Professor Layton
Professor Layton and the Curious Village · Professor Layton and the Lost Future

Spelet handlar om Professor Hershel Layton og den sjølvutnemnde lærlingen hans, Luke Triton. Dei reiser omkring med tog for å løyse mysteriet bak ei øskje som seiest å ta livet av alle som opnar ho. Spelaren styrer duoen gjennom fleire ulike stader, til skilnad frå det førre spelet der handlinga var avgrensa til byen St. Mystere. Spelaren løyser oppgåver som involverer tanken for å hjelpe professoren i søkinga og løyse mysteria i spelet.[2]

Spelet har fått generelt god kritikk.[3] Utgåva til Nintendo DS har selt over 2,43 millionar kopiar internasjonalt.[4]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre