Propylitt
Ein propylitt er ein hydrotermalt omvandla andesitt. Bergarta er omvandla langs gjennomsetjande ertsgangar, der det i sprekkane har strøymt gassar og varme løysingar som har omdanna det opphavleg mineralet i andesitten til epidot, kloritt og albitt, samstundes som det er avsett pyritt og karbonat. Prosessen blir kalla propylittisering.
Kjelder
endre- Propylitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/propylitt.