Svovelkis
(Omdirigert frå Pyritt)
Svovelkis eller pyritt er eit mineral med kjemisk formel FeS2. Svovelkiskrystallar er vanlege, og finst helst som kubar (ofte med striper) eller som pentagondodekaeder, men også i andre former og kombinasjonar. Tvillingar, trillingar osb. er vanlege. Fargen er bleik messinggul, (ganske lik fargen til gull) svovelkis blir ofte forveksla med gull av mindre erfarne gullgravarar.
Pyritt | |||
Pyritt-krystallar | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | FeS2 | ||
Strunz-klassifisering | 02.EB.05a | ||
Dana-klassifisering | 2.12.1.1 | ||
Krystallsymmetri | Isometrisk diploidal Romgruppe: Pa3 H-M-symbol: 2/m3 | ||
Einingscelle | a = 5.417 Å, Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 119.98 g/mol | ||
Farge | bleik messinggul refleksjon; vert mørkare når han er matt og iriserande | ||
Krystallform | Kubiske sider, kan vere stripete, men òg ofte åttesidig og pyritoeder. Ofte samanvaksen, massiv, strålande, korna, kuleforma og stalkittisk. | ||
Krystallsystem | Isometrisk | ||
Tvilling | Penetrasjon- og kontrakt tvilling | ||
Kløyv | Utydeleg på {001}; delingar på {011} og {111} | ||
Brot | Særs ujamn, stundom muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 6–6,5 | ||
Glans | Metallisk, funklande | ||
Strekfarge | grønaktig-svart til brunsvart | ||
Transparens | Ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 4,95–5,10 | ||
Tettleik | 4,8–5 g/cm3 | ||
Smeltbarheit | 2,5–3 til ei magnetisk lita perle | ||
Oppløyselegheit | Uoppløyseleg i vatn | ||
Andre eigenskapar | paramagnetisk | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Fysiske eiganskapar
endreHardleik 6-6,5, altså betydeleg hardare enn chalkopyritt og gull. Svært sprø med ujamt/musleg brot og utydeleg kløyvd. Streken er svart-grøn. Ved oppvarming blir svovelkis/pyritt svakt magnetisk og utskiller SO2.
Førekomst
endreSvovelkis er det mest utbreidde sulfidet i naturen.
Bruk
endreSvovelkis blir brukt i industriell samanheng til å produsere svovelsyre. (H2SO4)
Kjelder
endre- ↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., John Wiley and Sons, New York, pp 285–286, ISBN 0-471-80580-7
- ↑ Pyrite on webmineral. Webmineral.com. Retrieved on 2011-05-25.
- ↑ Pyrite on. Mindat.org. Retrieved on 2011-05-25.
- ↑ Handbook of Mineralogi. (PDF) . Retrieved on 2011-05-25.
- Norsk Steinbok av Torgeir T. Garmo (Universitetsforlaget, 1993)