Proud av Tamara Todevska

«Proud»
Song av Tamara Todevska
Land Nord-Makedonia
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2019
Sjanger Popballade
Lengd 03:00
Selskap Dimitrov
Låtskrivar(ar) Darko Dimitrov, Robert Bilbilov, Lazar Cvetkoski, Kosta Petrov, Sanja Popovska

«Proud» (norsk 'stolt') er ein popballade frå 2019 som vert framført av den makedonske songaren Tamara Todevska. Songen var det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen enda på sjuandeplass i finalen, noko som var den beste plasseringa i Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest til då.

Bakgrunn endre

 
Tamara Todevska framfører «Proud» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Proud» vart internt vald ut av Makedonsk radio og televisjon som det makedonske bidraget til Eurovision Song Contest 2019. Songen er komponert av Darko Dimitrov, Robert Bibliov og Lazar Cvetkoski, medan Kosta Petrov og Sanja Popovska har skrive teksta.[1] Songen vert framført av Tamara Todevska, som tidlegare deltok i Eurovision Song Contest i 2008 saman med Rada Vrchakovski og Adrian Gaxha.[2]

«Proud» skulle opphavleg ha vorte utgjeven 4. mars 2019, men vart utsett med fire dagar, slik at utgjevinga fall saman med den internasjonale kvinnedagen. Songen handlar om å vere stolt over den ein er og ikkje la deg affisere av andre som meiner ein ikkje er god nok.[3]

Eurovision Song Contest endre

I januar 2019 vart Nord-Makedonia trekt ut til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart halden i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Nord-Makedonia hadde startnummer 17 – det nest siste bidraget ut på scena.[4] I avrøystinga vart songen blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[5] Dette var fyrste gongen sidan 2012 at Nord-Makedonia kvalifiserte seg til finalen.[6]

I finalen vann «Proud» juryavrøystinga framfor Sverige.[7] Men i telefonavrøystinga vart songen nummer tolv og enda til slutt på sjuandeplass samanlagt med 305 poeng. Dette var den beste plasseringa til Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest.[8]

Kjelder endre