Pukk er knust stein eller grus av hard, seig naturstein som granitt, gabbro, gneis og liknande. Pukk har uregelmessig form og skarpe kantar. Kvar bit kan ha ein diameter på 4–120 mm eller meir og blir seld i fraksjonar som 8–16 mm. Det blir brukt i vegdekke, vegfundament, i ballastlaget for jernbaner (jernbanepukk) og som tilslagsmateriale ved framstilling av betong.[1]

Pukk med 20 mm diameter.
«Les casseurs de pierres» (Steinknusarane), målarstykke frå 1849 av Gustave Courbet (1819–1877)

Tidlegare blei pukk laga for hand ved at ein knuste stein med sleggje (å pukke stein). No blir pukk laga i mobile eller stasjonære knuseanlegg, pukkverk.[1]

Pukk vert produsert av fast fjell som vert sprengt ut i eigne steinbrot, eller av høvelege steinmasser som vert sprengt ut i tunnelar og fjellskjeringar i traseen under bygging av til dømes veg eller jarnbane. Pukk kan dessutan verte laga av naturstein frå sandtak eller andre førekomstar i område med mykje grov morenemasse. Steinmassane vert sende gjennom knuseverket (pukkverket) for å verte knust og sikta på vibrerande brett med opningar, omknust og sikta att, slik at ein får framstilt pukk i dei ulike fraksjonane (storleikane) ein ynskjer. Pukk som er produsert av ulike bergartar vil kunne ha ulik farge og ulike mekaniske eigenskapar, og såleis kunne ha ulike bruksområde.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Pukk». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 7. november 2018.