Opna hovudmenyen
Puklar på baktriakamel

Pukkel er ei feittfylt bindevevsforhøging som finst på ryggen hjå visse pattedyr. Dromedarar har ein pukkel midt på ryggen, medan baktriakamelar har to puklar. Pukkelfe eller sebu har ein pukkel ved skulderpartiet. Også mammutar hadde puklar.[1] Bison kan ha pukkelaktige vekstar ved skuldrene, men desse er hovudsakleg danna av muskelvev.[2]

Sebu-pukkel

Ein kan også bruka nemninga «pukkel» om liknande former på andre dyr og plantar, som ryggen hjå pukkellaks eller i blomane til plantar som lintorskemunn og minneblom. Menneske kan ha pukkelforma ryggar kalla pukkelrygg eller kyfose.

KjelderEndra

  1. «Pukkel». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 23. september 2018. 
  2. Pierre Boitard (1842), Galerie pittoresque d'histoire naturelle, Paris  Den ukjende parameteren |publishr= vart ignorert (hjelp)