Sebu
underart av pattedyr
(Omdirigert frå Pukkelfe)
Sebu eller zebu (Bos primigenius indicus eller Bos indicus), stundom kalla pukkelfe, er ein type storfe med opphav i Sør-Asia. Dei har ein karakteristisk feittklump på skuldrene, lutande øyrer og ein stor hudfold på halsen.[1] Fargen er stålgrå og han har kraftige horn. Dei er tilpassa høge temperaturar og vert avla i mange tropiske land, både som rein sebu og som hybridar med tyrliknande storfe. Sebuar vert nytta som trekkdyr, mjølkekyr og som slaktekveg, og som biprodukt som hud, avføring til brensel og gjødsel, og er slik det viktigaste tamkveget i Asia og Afrika.
Sebu | |
Sebuhann | |
Sebuhoe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Slekt: | Bos |
Art: | B. taurus |
Underart: | Sebu B. p. indicus |
Vitskapleg namn | |
Bos primigenius indicus |
Kjelder
endre- ↑ «zebu» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Zebu» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Kategori:Bos taurus indicus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Bos taurus indicus – detaljert informasjon på Wikispecies