Sebu

underart av pattedyr

Sebu eller zebu (Bos primigenius indicus eller Bos indicus), stundom kalla pukkelfe, er ein type storfe med opphav i Sør-Asia. Dei har ein karakteristisk feittklump på skuldrene, lutande øyrer og ein stor hudfold på halsen.[1] Fargen er stålgrå og han har kraftige horn. Dei er tilpassa høge temperaturar og vert avla i mange tropiske land, både som rein sebu og som hybridar med tyrliknande storfe. Sebuar vert nytta som trekkdyr, mjølkekyr og som slaktekveg, og som biprodukt som hud, avføring til brensel og gjødsel, og er slik det viktigaste tamkveget i Asia og Afrika.

Sebu
Sebuhann
Sebuhann
Sebuhoe
Sebuhoe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Bos
Art: B. taurus
Underart: Sebu B. p. indicus
Vitskapleg namn
Bos primigenius indicus

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre