Dromedar
pattedyrart
Dromedar (Camelus dromedarius) tilhøyrer slekta kamelar (Camelus) og er eit stort, drøvtyggande klovdyr med lang hals, lange lemmar og ein enkelt ryggpukkel. Namnet «dromedar» kjem frå gresk gjennom latin og er avleidd av dromas som tyder 'løpar'.
Dromedar | |
Tamdromedar i Marokko. | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av dromedar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kamelfamilien Camelidae |
Slekt: | Kamelslekta Camelus |
Art: | Dromedar C. dromedarius |
Vitskapleg namn | |
Camelus dromedarius |
Dromedaren er eit viktig husdyr[1] i Sahara, Arabia og delar av Asia. Han har også vore brukt i Spania, Italia, Amerika og Australia.
Dyra kan både brukast til riding og som trekk- og lastedyr. Dromedaren blei truleg temd av nomadar frå Arabia, og kan ha vore i bruk som husdyr allereie i steinalderen i Nord-Afrika. Det finst ingen ville dromedarar att, men i Australia lever det rundt ein million forvilla dromedarar.[2]
Kjelder
endre- ↑ Wilson & Reeder (red.) Mammal Species of the World, 2005, Camelus dromedarius Arkivert 2012-11-23 ved Wayback Machine.
- ↑ «Camel fact sheet». DSEWPaC. 2009. Arkivert frå originalen den 6. august 2011. Henta 6. august 2011.
«dromedar» i Nynorskordboka. «dromedar» i Store norske leksikon, snl.no.