Baktriakamel

pattedyrart
Baktriakamel
Baktriakamel
Baktriakamel
Utbreiing
Utbreiinga av baktriakamel
Utbreiinga av baktriakamel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Overfamilie: Cameloidea
Familie: Kamelfamilien Camelidae
Slekt: Kamelslekta Camelus
Art: Baktriakamel C. bactrianus
Vitskapleg namn
Camelus bactrianus

Baktriakamel eller berre kamel (Camelus bactrianus) er eit dyr i kamelslekta (Camelus), kjenneteikna av to puklar. Dette og dei kortare beina skil han frå dromedaren.[1]

Baktriakamel har namn frå det antikke landskapsnamnet Baktria i Sentral-Asia.[1] Arten blei domestisert for rundt 4 500 år sidan, truleg i Sentral-Asia. Den ville forma av baktriakamel (villkamel) er kritisk truga av utrydding.[2]

Skildring endre

 
Baktriakamel
 
Villkamelar

Baktriakamelen blir om lag tre meter lang med ei skulderhøgd på over 2,25 m. Vekta er mellom 450 og 690 kg. Halsen er lang og krumma, hovudet lite, augo store og utståande, nasen er krum og øyro korte. Halen er kort med endekvast. Albogar, kne og bryst på tamdyra har hornaktige, hårlause fortjukkingar.[1]

Baktriakamel er uthaldande og kan bera tunge bører, men er ikkje like rask som dromedaren. Kjøtet blir ete og mjølka blir brukt til å laga mellom anna ost og smør. Skinnet blir brukt til lêr, pelshåra til tøyveving og avføringa til brensel.

Utbreiing endre

Baktriakamelen er utbreidd i Asia, der han er brukt som eit allsidig husdyr. Han blei trolig domestisert i Sentral-Asia for kring 4 500 år sidan. Den ville bestanden (C. ferus) som framleis finst er kritisk utryddingstruga og tel trolig berre rundt 900-1 100 dyr.[2][3] Desse lever i fire avgrensa område i Gobiørkenen, tre i Kina og eit i Mongolia. Den største populasjonen er i Lop Nor, eit tidlegare testområde for kjernefysiske våpen gjennom 45 år, men no gjort om til viltreservat for den ville baktriakamelen.

Åtferd endre

Kamelen er ein nøysam planteetar.[1] Han kan eta vanskelege ørkenvekstar, som vekstar med piggar eller høgt saltinnhald. Villkamelen har vist seg å vera i stand til å drikka saltvatn, utan at det har fått negative konsekvensar for dyra.[3]

Hoa går drektig i 12-14 månader og føder normalt berre ein kalv. Den nyfødde kalven kan gå og springa få timar etter fødselen. Han diar mora i opp mot 18 månader, før han blir avvend. Ungdyr blir kjønnsmogne etter cirka 3,5 år. Villkamelen blir sjeldan meir enn 25 år gammal, medan den domestiserte kamelen typisk blir 25-35 år.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kamel». Store norske leksikon. 23. april 2018. Henta 23. september 2018. 
  2. 2,0 2,1 Hare, J. 2008. Camelus ferus. In: IUCN 2011. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2011.2. Besøkt 2012-01-24
  3. 3,0 3,1 Wild Camel Protection Foundation (November 2002). Besøkt 2012-01-24

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Baktriakamel