Pumori
Pumori (òg Pumo Ri) er eit fjell i Himalaya på grensa mellom Nepal og Kina, om lag åtte kilometer vest for Mount Everest. Pumori er eit sherpa-ord som tyder «ugift dotter» og blei gitt av George Mallory. Fjellklatrarar omtalar ofte Pumori som «Mount Everests dotter».
Pumori | |
---|---|
Pumori. Bühler og Steck si rute over vestsida er teikna inn. | |
Høgd over havet | 7 161 m |
Område | Nepal/Kina (Tibet) |
Fjellområde | Himalaya |
Koordinatar | 28° 0′ 53″ N, 86° 49′ 41″ AKoordinatar: 28° 0′ 53″ N, 86° 49′ 41″ A |
Førsteklatring | 1962 av Gerhard Lenser |
Normalrute | Høgfjellstur over bre |
Pumori er mykje klatra. Den lettaste ruta har ein vanskegrad på 3 (lett klatring). Ein tysk-sveitsisk ekspedisjon under leiing av Gerhard Lenser førsteklatra fjellet i 1962.
I 2001 lukkast dei sveitsiske ekstremklatrarane Ueli Steck og Ueli Bühler med å førsteklatre vestruta sjølv om dei begge blei tatt av eit snøras under oppstigninga.[1]
Bitoppen Kala Patthar (5 675 m) blir ofte klatra på grunn av utsynet mot Mount Everest, Lhotse og Nuptse frå fjellet sin sørtopp (5 545 m).
Galleri
endre-
Pumori over Kala Patthar
-
Pumori frå toppunktet på Kalar Patthar
-
Nordsida av Pumori sett frå Tibet
Referansar
endre- ↑ Elizabeth Hawley: Pumori, west face, new route. I The American Alpine Journal 2001. The Mountaineers Books, 2002, s. 209
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pumori» frå Wikipedia på tysk, den 23. august 2012.