Puya clava-herculis
Puya clava-herculis er ein planteart i ananasfamilien som hører heime i páramo alpine økosystem både i Ecuador og i Nariño-departementet i Colombia. Dette er ein staude, han dannar tette rosettar av grøn til raudbrune blad kanta med krokete, skarpe tornar. Blomsterstengelen vekst til ei høgd på 1,5 meter.
Puya clava-herculis | |
Puya clava-herculis | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Ananasfamilien Bromeliaceae |
Underfamilie: | Puyoideae |
Slekt: | Puya |
Art: | Puya clava-herculis P. clava-herculis |
Vitskapleg namn | |
Puya clava-herculis |
Arten vart først skildra i 1904 av Carl Christian Mez og Luis Sodiro.
Skildring
endrePuya clava-herculis er utbreidd i páramos i på høgder frå 3350 til 4200 moh. Blomsterskotet, som dominerer utsjånaden til Puya clava-herculis, veks til mellom ein og ein og ein halv meter høg og når opp til fire centimeter i diameter. Det endar i ein dobbelt fjørforma blomsterstand, med ei sylindrisk form som når ein diameter på ti centimeter og ei lengd på 17 centimeter. Overflata er brunleg og skjelaktig. Dei lansettforma primærblada er heile. To til fire av dei faktiske blomstrane er plasserte på små greiner av blomsterstanden. Blomsterstilkane er pressa og korte. Dei lêraktige kronblada er 2,5 til 2,7 centimeter lange og spisse.
Blada er arrangerte i ein rosett. Dei er grøne til raudbrune, 30 til 40 centimeter lange og 2,5 centimeter breie. Dei har ei kort, eggforma bladslire. Medan oversida av bladet er berr, er undersida dekt med kvite skjel mellom bladårane. Kantane er litt taggete og har tjukke, innoverboga, seks til ni millimeter lange, brune tornar.
Biletgalleri
endre-
Skråning i Cajas nasjonalpark, Ecuador, med fleire Puya clava-herculis
-
Blomsterstanden
-
Bladrosett sett ovanfrå
Kjelder
endre- Denne artikkelen er omsett frå «Puya clava-herculis» frå Wikipedia på tysk, den 15. september 2024