Slavisk eggdekorasjon

(Omdirigert frå Pysanka)

Slavisk eggdekorasjon er ulike tradisjonar for å pynta egg i den slaviske verda og tilstøytande område. Tradisjonen med å pynta egg i slaviske kulturar oppstod i heidensk tid,[1][2] og blei omforma gjennom religiøs synkretisme til kristne påskeegg. Dei pynta egga har likevel att mykje heidensk symbolisme.

Sorbiske påskeegg
Demonstrasjon av sorbisk eggdekorasjon
Ukrainske påskeegg, pysanky, i både moderne og tradisjonell utforming.

Dekorerte påskeegg er kjende under ulike namn frå mange slaviske folkegrupper, som kviterussarar (пісанка, pisanka), bulgararar (писано яйце, pisano yaytse), kroatar (pisanica), tsjekkarar (kraslice), makedonarar (вапцано јајце, vapcano jajce), polakkar (pisanka), russarar (крашанки, krashanki, eller писанки, pisanki), serbarar (писаница / pisanica), slovakar (kraslica), slovenarar (pisanica, pirhi eller remenke), sorbarar (jejka pisać) og ukrainarar (писанка, pysanka) . Mange av namna er avleidde frå den slaviske rota pisa, som er knytt til måling (og kognat til latinsk pictura). Tradisjonen er også utbreidd i andre sentral- og austeruopeisk kulturar som ikkje er slavarar: Blant ungararar (hímestojás), litauarar (margutis) og rumenarar (ouă vopsite, incondeiate eller impistrite).

Som med religiøse ikon snakkar ein gjerne om å «skriva» egg i staden for å måla eller farga dei. Ein lagar ofte dekorasjonen på eit egg ved hjelp av ein voksresistent prosess som liknar på batikk. Ein bruker stylus til å påføra varm voks på skalet til eit egg, som så blir lagt i ei rekkje fargebad. Voksen forseglar fargestoffet i egget; fargane og mønsteret kjem fram når voksen blir fjerna (ved å smelta han av) til slutt.

Andre teknikkar inkluderer dropedraging, ein variant av batikk der ein bruker eit nålehovud for å påføra ein drope voks og dra han; ein ripeteknikk der ein påfører fargestoff på eit egg og deretter ripar inn mønster; måla egg, der skalet blir måla med pensel; og forskjellige versjonar av appliké, der ulike gjenstandar (halm, papir, perler, paljettar) blir limte til eggeskalet.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Kazimierz Moszyński – Kultura ludowa Słowian, Kraków 1929
  2. Anna Zadrożyńska – Powtarzać czas początku, Warsaw 1985, ISBN 83-209-0428-5

Bakgrunnsstoff endre