Qarawat Bani Hassan

Qarawat Bani Hassan (arabisk قراوة بني حسان) er ein palestinsk by i Salfit guvernement, kring 30 kilometer sørvest for Nablus og sju kilometer nordvest for Salfit nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 801 i 2007.

Qarawat Bani Hassan
قراوة بني حسان, Qarawet Bani Hassan, Qarawat Bani Hasan, Qurawa Ibn Hasan
kommune
Namneopphav: Ibn Hasan-byen[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Salfit guvernement
Koordinatar 32°07′41″N 35°05′56″E / 32.128°N 35.099°E / 32.128; 35.099
Areal 9,7 km²
Folketal 3 801  (2007)
Folketettleik 392 / km²
Grunnlagd 1948
Borgarmeister Nasim 'Asi
Kart
Qarawat Bani Hassan
32°07′41″N 35°05′56″E / 32.128°N 35.099°E / 32.128; 35.099
Wikimedia Commons: Qarawat Bani Hassan

Det samla arealet er 9 684 mål, og av dette er 507 mål utbygde område. Sidan 1995 har 10,7 % av kommuneområdet vore under sivilt styre av Den palestinske sjølvstyresmakta og tryggleiken styrt av Israel, medan 89,2 % er under fullstendig israelsk kontroll.[2]

Arkeologi endre

Det er funne bysantinsk keramikk på staden.[3] Qarawat Bani Hassan vart undersøkt i 1873, og det vart gjort fleire store funn, kanskje av bysantinsk opphav.[4][5]

Deir ed-Derb endre

 
Fronten av Deir ed Derb i 1873
 
Seksjon gjennom Deir ed Derb i 1873

Kring 1 km søraust for sentrum av landsbyen ligg Deir ed Derb («Klosteret ved vegen»[6]), skildra som «eit av dei finaste gravliknande monumenta i landet».[7][8][9] Då det vart vitja i 1873, vart det skildra med tre kammer.[7] Søylegangen hadde ein 15 meter lang dorisk karniss i front, og var støtta opp av to joniske søyler og to pilasterar.[10] I desse var det skore inn 15 triglyfar og 14 rosettar, der alle rosettane hadde forskjellig utforming. Det såg ut som om arbeidet ikkje var ferdig.[10] Veggane av søylegangen var skoren slik at det likna eit uregelmessig murverk.[11] Strukturen hadde stor likskap til somme av gravene i Jerusalem, som er daterte til det førte hundreåret evt.[11]

Kulat Ferdus endre

Kulat Ferdus er eit tårn midt i landsbyen kalla opp etter ein konge som er gravlagd i sør (ved sidan av Deir ed Derb). I 1873 vart det skildra som busett og i særs god tilstand. Det var opp mot 10 meter høgt. Bygningen verka å vere frå bysantinsk tid, og kanskje eldre.[12]

Burj el-Yakhur endre

Burj el-Yakhur er eit to etasjar høgt tårn, i den øvre delen av landsbyen, i sør.[5][12] Murane er 3-3,5 meter tjukke. I følgje Pringle er tårnet datert til krossfarartida.[13][14]

Historie endre

Amr ibn al-A'as, ein kjend arabisk kommandant i Rashidunarmeen, skal ha blitt skadd i landsbyen. I følgje ei lokal segn vart det planta eit tre der blodet hans falt. Soga var skriven ned i landsbyhistoria i 1919.[15] I 1225 skreiv den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi at Qarawat Bani Hassan var «ein landsby i Nablus sanjak[16]

I 1596 var Qarawat Bani Hasan oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han eit folketal på 13 hushaldningar og tre ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og bikubar.[17]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og estimerte at han hadde kring 150 innbyggjarar. Han skildra landsbyen som ein stad i forfall, men med restar etter ei betre tidlegare tid. Medan han var der kom ein tropp bashi-bazoukar og henta 35 landsbybuarar og tok dei med til Nablus, sidan dei ikkje hadde betalt skatt.[18] I «Survey of Western Palestina» frå 1881, vart landsbyen (kalla Kurawa Ibn Hasan) skildra som:

delvis i ruinar, men tydeleg at det ein gong har vore ein viktig stad, med eldgamle graver, ei særleg vakker, og nokre enkle steintårn. Det gamle namnet vart av dei innfødde kalla Sham et Tawil. Den vesle moskeen Sheikh 'Aly el 'Amanat står visstnok over apsisen til ei kyrkje. Vassforsyninga kjem frå brunnar og cisterner.[19]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Qarawa ein fullstendig muslimar folkesetnad på 313,[20] medan Qarawa i folketeljinga i 1931 hadde 89 busette hus og eit folketal på 352, framleis alle muslimar.[21] I 1945 var folketalet 450 medan det samla landarealet var 9 685 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[22] Av dette var 105 for plantasjar og irrigert land, 2 820 for korn,[23] medan 30 mål var klassifisert som utbygde område.[24]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 238
  2. New House Demolitions Threats in Qarawat Bani Hassan landsby Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem. 2007-08-05.
  3. Dauphin, 1998, s. 807
  4. picture 1
  5. 5,0 5,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 358
  6. Palmer, 1881, s. 228
  7. 7,0 7,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 313
  8. picture 2
  9. picture 3
  10. 10,0 10,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 314
  11. 11,0 11,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 315
  12. 12,0 12,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 359
  13. Pringle, 1997, s. 7
  14. Pringle, 1997, s. 85
  15. Qarawat Bani Hassan Village Profile International Women's Peace Service. (Archive)
  16. al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s. 480.
  17. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132.
  18. Guérin, 1875, s. 174 ff
  19. Conder og Kitchener, 1882, s. 285
  20. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 26
  21. 1931 Det britiske mandatet Census. s. 63.
  22. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
  23. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 107
  24. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 157

Bakgrunnsstoff endre