Qasem Soleimani
Qasem Soleimani (11. mars 1957–3. januar 2020) var ein iransk offiser som var general i Den iranske revolusjonsgarden og dessutan leiar av elitestyrken Quds i 21 år fram til han døydde.[1] Han vart rekna som ein av dei mektigaste i det iranske statsapparatet.[2]
Soleimani vart drepen utanfor den internasjonale flyplassen i Bagdad i Irak 3. januar 2020 av eit amerikansk droneåtak, etter ordre frå president Donald Trump.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Qasem Soleimani: Iran vows 'severe revenge' for top general's death». BBC. 3. januar 2020. Henta 3. januar 2020.
- ↑ «Qassem Soleimani once mocked Trump as a "cabaret owner" and a "gambler," warned U.S. not to threaten Iran». Newsweek (på engelsk). 3. januar 2020. Henta 3. januar 2020. «The general was one of the most influential players in the Iranian regime, directing the foreign military and covert operations of the country's Islamic Revolutionary Guard Corps.»