Qazvin-provinsen
Qazvin-provinsen (persisk استان قزوین Ostān-e Qazvīn) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg nordvest i landet og provinshovudstaden er byen Qazvin. Provinsen vart oppretta i 1993 ut av delar av Teheran-provinsen og omfattar 20 byar: Qazvin, Takestan, Abyek, Buin-Zahra, Eqhbalieh, Mohammadieh, Alvand, Esfarvarin, Mahmood Abad Nemooneh, Khoram Dasht, Ziä Abad, Avaj, Shäl, Danesfahan, Abgarm, Ardägh, Moallem Keläyeh, Razmian Kouhin og Bidestan fordelt på fire bydistrikt, 18 distrikt, 44 landsdistrikt og 1 543 landsbyar.
Qazvin | |||
قزوین | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1 [1] | ||
Fylke | 6 | ||
Hovudstad | Qazvin | ||
Areal | 15 567 km² | ||
Folketal | 1 273 761 (2016)[2] | ||
Språk | persisk, aserbajdsjansk, kurdisk, tatisk, lurisk | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Qazvin-provinsen 36°16′09″N 50°00′10″E / 36.2693°N 50.0029°E | |||
Kart som viser Qazvin-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Qazvin Province |
Provinsen vart plassert i Region 1 i 2014.[1]
Provinsen har kring 1,2 millionar innbyggjarar i 2016, der kring 68 % bur i byar og kring 32 % i landsbyar. Om lag 99,61 % av folkesetnaden var muslimar.
Geografi og klima
endreProvinsen dekkjer eit areal på 15 821 km² og grensar i nord til Mazandaran og Gilan, i vest til Hamedan og Zanjan, i sør til Markazi og i aust til Teheran-provinsen.
Av fjell i provinsen finn ein Siälän, Shäh Alborz, Khashchäl, Sephidkouh, Shojä e din, Alehtareh, Rämand, Ägh dägh, Kharaghän, Saridagh, Soltan pïr og Siähkouh, der Siälän er det høgaste med ei høgd på 4 175 meter over havet. Alle er ein del av den sentrale fjellkjeda Alborz. Det lågaste punktet i provinsen er i Tärom e Soflä.
Klimaet i provisnen er kaldt og sørikt om vintrane i nord med tempererte somrar. I sør er klimaet mildt med nokså kalde vintrar og varme somrar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Qazvin Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «جمعیت برحسب جنس به تفکیک سن و استان در سال ۱۳۸۵» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.