Teheran-provinsen
Teheran-provinsen (persisk استان تهران Ostān-e Tehrān) er ein av 31 provinsar i Iran. Han dekkjer eit areal på 18 909 km² og ligg nord for det sentrale platået i Iran.
Teheran-provinsen | |||
استان تهران | |||
Provins | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1 [1] | ||
Fylke | 16 | ||
Hovudstad | Teheran | ||
Areal | 18 814 km² | ||
Folketal | 15 267 637 (2017) [2] | ||
Folketettleik | 812 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRDT (UTC+04:30) | ||
![]() Teheran-provinsen | |||
Wikimedia Commons: Tehran Province | |||
Provinsen vart plassert i Region 1 der det administrative senteret for regionen vart oppretta i hovudstaden Teheran, då provinsane i Iran vart fordelt i regionar i 2014.[1]
Teheran-provinsen grensa ril Mazandaran i nord, Qom-provinsen i sør, Semnan-provinsen i aust og Alborz-provinsen i vest. Storbyen Teheran er hovudstad både i provinsen og i Iran. I 2004 hadde provinsen 13 bydistrikt, 43 kommunar og 1 358 landsbyar.
Teheran-provinsen er den mest velståande provinsen i Iran og bidrar til kring 29 % av BNP i landet. I tillegg husar han 18 % av alle innbyggjarane i landet. Teheran-provinsen er den mest industrialiserte provinsen i Iran. 86,55 % av innbyggjarane bur i urbane strøk, og 13,5 % på landsbygda.
Provinsen vart viktig då Teheran vart hovudstad for Qajar-dynastiet i 1778. I dag har Teheran meir enn sju millionar innbyggjarar og er blant dei 20 mest folkerike storbyane i verda.
Geografi Endra
Provinsen Teheran har over 12 mlilionar innbyggjarar og er den tettast folkesette regionen i Iran. Dei største elvane i provinsen er Karajelva og Jajrud.
Fjellkjeder som Alborz strekkjer seg over det nordlege området. Savad Kooh og Firooz Kooh ligg i nordaust, Lavasanat, Qarah Daq, Shemiranat, Hassan Abad og Namak-fjella ligg i sør, Bibi Shahr Banoo og Alqadr ligg i søraust og Qasr-e-Firoozeh-høgdene ligg i aust.
Klimaet i Teheran-provinsen er varmt og tørt, men i fjellområda i nærleiken er det kaldt og halvtørt. I dei høgareliggande områda er det kaldt med lange vintrar. I dei varmaste månadane frå midten av juli til midten av september, er middeltemperaturne kring 28-30 ºC, medan dei kaldaste månadane i desember og januar har ein middeltemperatur på kring 1 ºC, men kan stundom gå så lågt som -15 ºC. Teheran by har moderate vintrar og varme somrar. Årsmiddelnedbøren er kring 200 mm og det meste kjem om vinteren. I alt har provinsen eit halvtørt steppeklima i sør og fjellklima i nord.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Tehran Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند
- ↑ «National census 2016». amar.org.ir. Henta 6. mars 2021.[]