Qom-provinsen
Qom-provinsen (persisk استان قم, Ostān-e Qom) er ein av 31 provinsar i Iran. Han har ei flatevidd på 11 237 km², som dekkjer 0,89 % av heile landet. Provinsen ligg nord i landet og provinshovudstaden er byen Qom. Han vart skipa frå delar av Teheran-provinsen i 1995. I 2011 hadde provinsen 1,1 millionar innbyggjarar og av desse budde 95,2 % i urbane strøk og 4,8 % på landsbygda.[2] Provinsen har berre ein by, men fire fylke, ni landdistrikt og 256 landsbyar.
Qom-provinsen | |||
استان قم | |||
Provins | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1 [1] | ||
Fylke | 1 | ||
Hovudstad | Qom | ||
Areal | 11 526 km² | ||
Folketal | 1 151 672 (2011) [2] | ||
Folketettleik | 100 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Språk | persisk, aserbajdsjansk | ||
![]() Qom-provinsen | |||
Wikimedia Commons: Qom Province | |||
GeografiEndra
Klimet i Qom-provinsen varierer mellom ørken- og halvørken-klima, og består av fjellområde, åsar og sletter. Sidan det ligg nær eit tørt område, og langt inne i landet, er klimaet tørt med låg luftfukt og lite nedbør. Jordbruk er derfor ikkje mogeleg i det meste av området, særskild nær saltsjøane. Det ligg to store saltsjøar i Qom-provinsen, nemleg Howz e Soltan, som ligg 36 km nord for Qom, og Namaksjøen, som ligg 80 km aust for Qom. Nesten ein femtedel av Namaksjøen ligg innafor Qom-provinsen.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Qom Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: