57°46′34.853″N 11°37′3.7164″E / 57.77634806°N 11.617699000°E / 57.77634806; 11.617699000 Rörö er ein tettstad og ei øy i Öckerö kommun i Västra Götalands län i landskapet Bohuslän i Sverige. Rörö er den nordlegaste busette øya i kommune. I sør ligg Hyppeln og i søraust Källö-Knippla. I vest brer den nordlegaste delen av Kattegat seg ut.

GG 64 «Astrid-Marie» og GG 764 «Astrid» har fylt fiskekvotene. (Rörö hamn).

Hovudnæringa på staden er fiske og Rörö har ein stor flåte med store notbåtar. I tillegg kjem mindre fiskebåtar som blir nytta til kystfiske, eidg av pensjonistar og hobbyfiskarar.

Rörö har skule for 1.-6. klasse. I 2008 blei nye lokale tatt i bruk. Det er òg ein førskule på øya. På 2000-talet blei det bygd ein idrettshall i tilknyting til skulen.

To tredelar av Rörö, i prinsippet dei sørlege, vestlege og nordlege delane av øya, er naturreservat. Øya har fine badeviker, sandstrender og eit nett med turstiar. På det høgaste punktet på øya og andre stader er det fortidsminne frå bronsealderen, samt spor frå militær verksemd, bunkerar og andre installasjonar som blei bygd under andre verdskrigen.

Kjelder endre