Røldal-Suldal

(Omdirigert frå Røldal-Suldal Kraft)

Røldal-Suldal er eit vasskraftanlegg eigd og utbygd av Norsk Hydro, som strekkjer seg langs Røldal- og Suldalvassdraget og ned til Suldalsvatnet. Formålet med utbygginga var å sikra straum til aluminiumsverket på Karmøy. Kraftverka hentar vatn frå eit nedbørsfelt på 793 km², og har ein samla magasinkapasitet på 833 millionar m³. Hydro eig nå 95,2 % av anlegget. Statkraft eig resten, og dei fordeler straumen i same forhold. Kraftverka har konsesjon fram til 2022.

Røldalsvatnet er regulert som del av anlegget

Anlegget omfattar åtte kraftverk. Middyr og Svandalsflona ligg på vestsida av Haukelifjell. Novle utnyttar fallet frå Votna, medan kraftverket i Røldal mellom anna får vatn frå Valldalsvatnet, som er det største reguleringsmagasinet. Alt vatnet frå desse kraftverka ender så via Røldalsvatnet opp i Suldal I kraftverk, som ligg inn i fjellet frå Kilen på Nesflaten. Her ligg òg Suldal II kraftverk som får vatn frå Kvanndal kraftverk, med Holmavatnet og Sandvatnet som reguleringsmagasin. I tillegg blei Vasstøl kraftverk (med Finnabuvatnet som magasin) sett i drift i juni 2012[1].

Arkitekten Geir Grung var involvert i prosjektet, og han utforma kraftverk, administrasjonsbygg, turbinhallar, og arbeidarbustadar i karakteristisk stil[2]. Bruken av rå betong, geometriske figurar og funksjonelle løysningar gjer arkitekturen typisk modernistisk.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra