Røssholmstranda er ei av sandstrend i nordenden av fjordarmen Nordfjorden i Tyrifjorden, i Ringerike kommune. Stranda strekker seg mellom Karlsrudtangen naturreservat i vest, ved utløpet av Sogna, og til spissen av Averøya naturreservat i aust, ved utløpet av Storelva.

Stranda består for det meste av fin sand. Fjorden er særs langgrunn i dette området, så badeforholda passar særs godt for barnefamiliar. Ikkje alle delar av den fleire kilometer lange sandstranda er like tilgjengeleg og egna for bading.

Det er tilkomst til stranda via Røssholmstrandveien, anten via avkøyring frå europaveg 16 ved Norderhov og via fylkesveg 158 og fylkesveg 162 over Busund, eller via avkøyringa frå riksveg 35 ved Snyta, mellom Hønefoss og Ask. På stranda er det stor parkeringsplass for bilar og kommunalt sanitæranlegg. Staden har dessutan hatt eigen kafé gjennom fleire tiår.

Kjelder endre